Their Satanic Majesties Request

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Their Satanic Majesties Request
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 8. desember 1967
Innspelt 9. februar - 23. oktober 1967
Olympic Studios, London
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 44:06
Selskap Decca/ABKCO (UK)
London/ABKCO (US)
Produsent The Rolling Stones
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Between the Buttons
(1967 UK)
Flowers
(1967 US)
Their Satanic Majesties Request Beggars Banquet
(1968)

Their Satanic Majesties Request er eit psykedelisk rockealbum av The Rolling Stones frå 1967. Tittelen er eit ordspel på «Her Britannic Majesty requests and requires...», ein tekst som står inne i alle britiske pass.

Albumet fekk særs blanda mottaking då det kom ut, og i følgje Richie Unterberger i Allmusic har the Stones aldri har tatt fleire sjansar enn dette i studio med bruk av afrikanske rytmar, mellotronar og fullt orkester.[1]

Innspelinga starta like etter Between the Buttons kom ut, og innspelinga var lang og sporadisk, mellom anna fordi medlemmer i bandet vart fengsla og måtte i retten. Albumet var det første Stones gav ut som ikkje hadde forskjellig innhald i USA og Europa.

Albumet kom ut i desember 1967 og nådde tredjeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA og Noreg. Albumet fekk nokså dårleg kritikk og vart sett på som eit forsøk på å overgå The Beatles og Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (som kom i juni 1967). Albumet vart det første og einaste som vart produsert av the Stones sjølv. Produksjonen fekk særleg hard kritikk av Jon Landau i musikkmagasinet Rolling Stone[2] og for dei neste albuma fekk the Stones hjelp av Jimmy Miller til å produsere albuma sine. For dei neste albuma gjekk òg Stones tilbake til den hardare bluesstilen dei hadde starta karrieren sin med

Arbeidstittelen på albumet var Cosmic Christmas. Albumet vart gjeve ut i Sør-Afrika som The Stones are Rolling fordi den originale tittelen inneheldt ordet «Satanic».[3]

Berre to songar på albumet er spelte på konsertar av the Rolling Stones, «2,000 Light-years From Home» (1989 og 1990) og «She’s a Rainbow» (1997-1998).

Bill Wyman-komponerte «In Another Land» vart gjeven ut som singel.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sing This All Together»   3:46
2. «Citadel»   2:50
3. «In Another Land» (Bill Wyman) 3:15
4. «2000 Man»   3:07
5. «Sing This All Together (See What Happens)»   8:33
Side to
# Tittel Lengd
6. «She’s a Rainbow»   4:35
7. «The Lantern»   4:23
8. «Gomper»   5:08
9. «2000 Light Years from Home»   4:45
10. «On with the Show»   3:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]