Thela Hun Ginjeet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thela Hun Ginjeet
Singel av King Crimson
frå albumet Discipline
B-side Elephant Talk
Utgjeve September 1981
Innspelt 1981
Sjanger progressiv rock
Lengd 6:26
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp, Tony Levin
Produsent King Crimson, Rhett Davies
King Crimson-kronologi
«Elephant Talk»
(1981)
Thela Hun Ginjeet «Heartbeat»
(1982)

Thela Hun Ginjeet er ein song av bandet King Crimson som kom ut i 1981 på albumet Discipline. Songen vart òg gjeven ut som singel med «Elephant Talk» som B-side. Tittelen på songen er eit anagram av «heat in the jungle», som er ein referanse til kriminalitet i byen. Songen er skriven av Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.

Medan dei fleste av instrumenta spelar i 4/4-takt, spelar Robert Fripp på elektrisk gitar i 7/8-takt i delar av songen, og skapar slik ein uvanleg effekt. I midten av songen kan ein høyre eit stemmeopptak. Dette er Adrian Belew som snakkar om ei oppleving då han vart plaga av rastafariar i London og politiet, medan han prøvde å få opptak til songen ute i gata.[1]

Det vart òg gjevne ut ein 12"-versjon av singelen med ein «dance mix» av songen, og songen «Indispline» i tillegg til «Elephant Talk».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adrian Belew. «elephant blog: Anecdote # 808». Arkivert frå originalen den 2010-11-13. http://www.webcitation.org/5uD5i3NeP. Henta 14. juni 2012.