Theodor Liebknecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Theodor Liebknecht (19. april 18706. januar 1948) var ein tysk sosialistisk politikar. Han var son av Wilhelm Liebknecht og bror til Karl Liebknecht.

Liebknecht var fødd i 1870 i Leipzig. Han blei først politisk aktiv etter at broren var blitt myrda i 1919. I motsetning til bror sin blei han aldri kommunist, men han melde seg heller aldri inn i SPD (det største sosialdemokratiske partiet i Tyskland).

Theodor Liebknecht var aktiv innanfor Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands (USPD), som var eit alternativt venstresosialdemokratisk parti. Liebknecht var formann for USPD frå 1924 til 1931. Dette året gjekk partiet og Liebknecht inn i det nye Sozialistische Arbeiterpartei (SAP). Etter at nazistane hadde tatt makta i Tyskland flykta Liebknecht til Sveits.

Theodor Liebknecht døydde i Altendorf i den sveitsiske kantonen Schwyz i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]