Theodor von Kármán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Theodor von Kármán under ei forelesning ved Jet Propulsion Lab, USA

Theodor von Kármán (11. mai 18816. mai 1963) var ein ungarsk ingeniør og fysikar. Han arbeidde mykje med aerodynamikk, og fleire grunnleggende aerodynamiske teoriar er kalla opp etter han, som kármánsk virvelgate

Kármán vart født i Budapest i Austerrike-Ungarn under namnet Kármán Tódor og studerte til ingeniør der frem til 1902. Han tok doktorgraden ved universitetet i Göttingen i 1908 og underviste der i fleire år. Men etter at han såg ei flyging vart han så fascinert av flyging at han byrja å forske på aerodynamikk. I 1912 vart han sjef for det aerodynamiske instituttet ved universitetet i Aachen; han fortsette i den stillinga frem til 1930, berre avbroten av første verdskrigen, då han tenestegjorde i den austerriksk-ungarske hæren, der han mellom anna konstruerte ein helikopterprototype.

På grunn av hendingane i Europa i starten av 1930-åra flytta han til USA. I 1949 vart han knytt til NATO som konsulent for gruppa for aeronautiske forsøk. Kármán er kjent for sine grunnleggjande aerodynamiske arbeid. Han studerte særleg virvelstraumar i gassar og væskar og friksjonskreftene ved virvelrørsler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]