Theodore Roosevelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Theodore Roosevelt
President Theodore Roosevelt, 1904.jpg
President for Sambandsstatane (USA)
Regjeringstid 14. september 19014. mars 1909
Fødd 27. oktober 1858 i New York City i staten New York
Død 6. januar 1919 i Oyster Bay i staten New York
Føregjengar William McKinley
Gift med Edith Roosevelt

Theodore Roosevelt (27. oktober 18586. januar 1919) var USA sin 26. president. Roosevelt vart visepresident i 1901, og vart president etter at William McKinley vart teken livet av i september 1901. Nevøen Franklin D. Roosevelt vart seinare USA sin 32. president (1933-1945).

Theodore Roosevelt var den fyrste presidenten i USA som reiste utanfor landegrensene medan han fungerte som president. Han reiste til Panama for å kunna sjå bygginga av Panamakanalen. For fredsmekling i høve den russisk-japanske krigen i 1905 vart han tildelt Nobels fredspris i 1906.

Roosevelt dreiv med både boksing og bryting. Etter å ha sett ein demonstrasjon av judo byrja han å studera judo, og vart den fyrste amerikanaren som fekk brunt belte (1. kyu).

«Teddy» Roosevelt er òg opphavet til namnet på kosebjørnen teddybjørn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Theodore Roosevelt
Wikisource

Originaltekst av Theodore Roosevelt ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Theodore Roosevelt
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.