Therese Johaug
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Therese Johaug (fødd 25. juni 1988) er ein norsk langrennsløpar frå Dalsbygda i Os i Hedmark. Ho representerer idrettslaget IL Nansen. Ho vart olympisk meister i 4 X 5 km stafett for kvinner i OL i Vancouver i 2010. På VM i Holmenkollen 2011 gjekk ho inn til bronsemedalje på 15 km dobbel jaktstart og etter ein kraftprestasjon greidde ho gull på 30 km.