Thermaikósbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thermaikósbukta (gresk Θερμαϊκός Κόλπος, Thermaikós Kólpos) er ei bukt i Egearhavet like sør for Thessaloníki i Hellas, aust for Piería og Imathía, og vest for Khalkidikí. Ho er kalla opp etter den antikke byen Therma (i dag Thérmi), som låg langs kysten av bukta. Therma vart seinare kalla Thessaloníki. Ho har ei lengd på 100 km og er 5 km brei nær Thessaloníki og så brei som 50 km i sør.

Romarane kalla bukta Thermaicus, Thermaeus sinus (Thermabukta) eller Macedonicus sinus (Makedoniabukta). Eit alternativ namn i dag eller Salonikibukta etter Thessaloníki.

Andre stader ved bukta er Saní, Kassándria, den antikke Potídea, Néa Moudaniá, Ajía Triáda, Néi Epivátes, Peréa, Thessaloníki, Nea Kalokhóri, Methóni, Pýdna, Paralía og Olymbiakí Aktí.

Av elvar som munnar ut i bukta finn ein Piniós, Aliákmonas og Axiós (Vardar). Mange strender ligg langs kysten av stranda, men lengst nord ligg det våtmarksområde som strekkjer seg frå nær Methóni og austover til nær Kalokhóri.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]