These Foolish Things (Remind Me of You)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«These Foolish Things (Remind Me Of You)» er ein standardsong med tekst av Eric Maschwitz og musikk av Jack Strachey. Namnet på ein amerikanar, Harry Link, er stundom oppført som medlåtskrivar, men alt han truleg gjorde var å tilpasse songen til den amerikanske marknaden.[1] Songen er ein av 'Mayfair Songs', som «A Nightingale Sang in Berkeley Square».[2] Maschwitz skreiv songen under psevdonymet Holt Marvell. Songen vart registrert i 1936 [3] og skriven for Joan Carr.[4]

Songen vart ikkje ein suksess frå starten av og sjølv Keith Prowse, agenten til Maschwitz, nekta å publisere han, noko som gjorde at Maschwitz sjølv fekk opphavretten til songen. I 1957 hevda han å ha tent £40 000 for songen.[5] Trass i at han vart trykt i Spread it Abroad, ei melding i London i 1936,[6] vakte han ikkje noko interesse før den vestindiske pianisten og songaren Leslie Hutchinson ('Hutch') oppdaga songen oppå eit piano på kontoret til Maschwitz hos BBC. 'Hutch' likte songen og spelte han inn, og han vart sidan ein stor suksess for mange artistar over heile verda.[7] Den første innspelinga av 'Hutch' vart gjort av HMV i 1936.[8]

Tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Artistar som har tolka songen er mellom andre Nat King Cole (på Just One of Those Things i 1957), Bing Crosby, Billie Holiday, (med Teddy Wilson i 1936)[9] Frankie Laine, Sarah Vaughn, Ella Fitzgerald, James Brown, Aaron Neville, Frank Sinatra, (Point of No Return, 1961), Sammy Davis Jr, Bryan Ferry og Rod Stewart. Instrumentale jazzvariantar av songen er spelte inn av Stan Getz, Benny Goodman, Lionel Hampton, Thelonious Monk, Dave Brubeck, Chet Baker, Count Basie, Lester Young og mange andre artistar.

Bryan Ferry spelte inn Dorothy Dickson-versjonen av songen for tittelsporet på det første soloalbumet hans, These Foolish Things av Island Records i 1973[10].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. De Lisle, Tim (1994). Lives of the Great Songs. London: Pavilion Books. ss. 148 p. 40. ISBN 1-85793-0517. 
  2. De Lisle s. 41
  3. Wise Publications (1990). 250 All Time Hits (Book 3). London: Wise Publications. ss. 250. ISBN 0.7119.2346.99. 
  4. Maschwitz, Eric (1957). No Chip on my Shoulder. London: Herbert Jenkins. ss. 208 p. 77–78. 
  5. Maschwitz s.79
  6. De Lisle s. 40
  7. Maschwitz s.79
  8. De Lisle s. 41
  9. De Lisle s.42
  10. De Lisle s. 43