Thesprotía
| Periferieininga Thesprotía Περιφερειακή ενότητα Θεσπρωτίας |
|
|---|---|
|
|
| Periferi | Ípiros |
| Hovudstad | Igoumenítsa |
| Folketal | 43 587 (2011) Rangering 48. |
| Areal | 1 515 km² Rangering 43. |
| Folketettleik | 29/km² |
| Kommunar | 3 |
| Postnummer | 46x xx |
| Retningsnummer | 266x0 |
| Bilnummer | HN |
| Heimeside | www.nthesprotias.gr |
Periferieininga Thesprotía (gresk Περιφερειακή ενότητα Θεσπρωτίας, Periferiakí enótita Thesprotías) er ei periferieining i Hellas i periferien Ípiros. Hovudstaden i periferieininga er Igoumenítsa. Thesprotía grensar til Albania i nord, Ioánnina i aust og Préveza i sør. Det er ei av dei minst folkesette periferieiningane i Hellas.
Mykje av periferieininga er kupert, medan ein finn jordbruksområde i dalar sentralt, i sør og i vest. To av elvene i Thesprotía er sagnomsuste: Thýamis (Kalamas) og Akhéron.
Frå hamna i Igoumenítsa kan ein nå øyane Kérkyra og Paxí.
Innhaldsliste |
Klima [endre]
Thesprotía har middelhavsklima dei fleste stader, men i høgareliggande strøk og austlege område kan ein få kalde vintrar.
Administrativ inndeling [endre]
Tidlegare var Thesprotía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Thesprotía | Igoumenítsa | Igoumenítsa | 461 00 | 26650-2 |
| Margaríti | 460 30 | 26650-9 | ||
| Parapótamos | 461 00 | 26650-92 | ||
| Pérdika | 461 00 | 26650-91 | ||
| Sývota | 461 00 | 26650-71 | ||
| Soúli | Soúli | 460 31 | 26660-24 | |
| Akhérondas | 460 31 | 26660-41 | ||
| Paramythiá | 462 00 | 26660-2 | ||
| Filiátes | Filiátes | 463 00 | 26640-22 | |
| Sagiáda | 463 00 | 26640-51 |
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Thesprotia frå Engelsk Wikipedia .
