Thiene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chilesotti-plassen i Thiene

Thiene er ein by og ein kommune i provinsen Vicenza i Veneto-regionen i Italia. Kommunen har i kring 24 000 ibuarar og dekker eit areal på 19,7 km². Byen ligg om lag 22 kilometer nord for provinshovudstaden Vicenza, 147 meter over havet.

Thiene er ein industriby, med mange mindre og halvstore verksemder. Byen, som er mellom dei rikaste i Italia, har dei seinare år fått mange immigrantar frå stader som Marokko, Asia og Aust-Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]