Third

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Third
Studioalbum av Soft Machine
Innspelt April–mai 1970 i IBC i London
Sjanger Progressiv rock, Canterbury scene, jazz-fusion, frijazz
Lengd 75:15
Selskap CBS (UK), Columbia (USA), Sony BMG (britisk nyutgjeving)
Produsent Soft Machine
Kritikk
Soft Machine-kronologi
Volume Two
(1969)
Third Fourth
(1971)

Third er eit dobbeltalbum frå 1970 av Soft Machine, der kvar side på den originale vinylutgåva bestod av ein enkelt lang komposisjon.[1] Musikalsk utforskar dei den gryande jazz-fusion-stilen som Miles Davis presenterte på Bitches Brew, som kom ut berre nokre månader tidlegare. Third markerer det største av fleire musikalske skifte i karrieren til Soft Machine, og fullførte overgangen frå psykedelisk rock til jazz, og er ein viktig milepåle i Canterbury scene, med samspel mellom medlemmane i bandet: Mike Ratledge på klaverinstrument, Robert Wyatt på trommer, Hugh Hopper på bass og det nyaste medlemmet Elton Dean på saksofon. Lyn Dobson spelar saksofon og fløyte på «Facelift», spelt inn medan han var eit fullverdig medlem av bandet (då ein kvintett), sjølv om han berre er tilskriven som studiomusikar. Jimmy Hastings (bror til Pye Hastings frå Caravan) spelar òg fløyte og klarinett på «Slightly All The Time», frijazz-fiolinisten Rab Spall (då bandmedlem med Wyatt i bandet Amazing Band) kan ein høyre i avslutninga på «Moon In June» og Nick Evans (eit medlem av bandet den korte perioden dei var sju stykk) gjer ein særs kort framføring med trombone på «Out-Bloody-Rageous».

I Q & Mojo si klassiske spesialutgåve Pink Floyd & The Story of Prog Rock (2005), vart albumet plassert på 20. plass på lista over «40 kosmiske rockealbum».[2]

I 2007 vart albumet gjeven ut på ny av Sony BMG med ein heil bonus-CD med konsertopptak av heile albumet, Live at the Proms 1970, som tidlegare berre hadde vore gjeven ut på eit lite sjølvstendig selskap kalla Reckless Records i 1988. Dette albumet vart spelt inn på The BBC Proms i Royal Albert Hall i Westminster i London, for BBC Radio Three den 13. august 1970.[3][4][5] Dette var førstegongen eit popband spelte på den klassiske festivalen.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Facelift»   Hugh Hopper 18:45
2. «Slightly All the Time»   Mike Ratledge 18:12
3. «Moon in June»   Robert Wyatt 19:08
4. «Out-Bloody-Rageous»   Ratledge 19:10
Bonusdisk på 2007-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Out-Bloody-Rageous»   Ratledge 11:54
2. «Facelift»   Hopper 11:22
3. «Esther's Nose Job»   Ratledge / Hopper / Wyatt 15:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kurtz, Peter: Third > ReviewAllmusic. Henta 9. mars 2011
  2. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  3. 3,0 3,1 Smith, Sid (26 February 2007). «Classic Pop/Rock Review - Soft Machine, Third / Fourth / Fifth / Six / Seven». BBC. http://www.bbc.co.uk/music/release/dw8c/. Henta 9. mars 2011. 
  4. «Soft Releases 2007». www.hulloder.nl. 23 March 2007. http://www.hulloder.nl/sm-new.html. Henta 9. mars 2011. 
  5. Breiling, Achim. «Soft Machine: Live at the Proms 1970: Review». Babyblaue Seiten. http://www.babyblaue-seiten.de/index.php?albumId=6223&content=review. Henta 9. mars 2011.