This Masquerade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
This Masquerade
Singel av George Benson
frå albumet Breezin'
B-side

«Lady»

Språk engelsk
Utgjeve 1976
Sjanger R&B/Jazz
Lengd 8:03 (album), 3:18 (singel)
Selskap Warner
Komponist Leon Russell
Tekstforfattar Leon Russell
Låtskrivar(ar) Leon Russell
Produsent Tommy LiPuma
George Benson-kronologi 
This Masquerade «Breezin'»
(1976)


«This Masquerade» er ein song skriven av Leon Russell. Songen kom ut som B-sida til singelen «Tight Rope» og på albumet Carney i 1972.

Songen er òg spelt inn av mange andre artistar. Helen Reddy spelte inn songen i 1972 på albumet I am Woman og eit konsertopptak av ho frå 1978 finst på Live in London. The Carpenters spelte inn ein versjon av songen i 1973 for albumet Now & Then, og som B-side til «Please Mr. Postman» i 1974. Shirley Bassey spelte inn songen i 1982 for albumet All By Myself. Andre artistar som har spelt songen er Hagood Hardy, Willie Nelson, Sérgio Mendes & Brasil '77, No Mercy, Robert Goulet, Bob Berg og Kenny Rogers.

Songen vart ein hit for jazzgitarist/vokalisten George Benson, som spelte han inn i 1976 for albumet Breezin'. Denne nådde tiandeplassen på Billboard Hot 100 og tredjeplassen på Hot Soul Singles-lista. Benson vann Grammyprisen i 1977 for årets innspeling med songen, og var nominert til årets song og årets beste mannlege popvokal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]