This Strange Engine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
This Strange Engine
Studioalbum av Marillion
Utgjeve mars 1997
Innspelt august–november 1996 i The Racket Club i Buckinghamshire, England
Sjanger Progressiv rock, neo-progressiv rock, alternativ rock
Lengd 70:49
Selskap Pony Canyon
Produsent Marillion
Kritikk
Marillion-kronologi 
The Best of Both Worlds
(1997)
This Strange Engine Radiation
(1998)


This Strange Engine er det niande studioalbumet til det britiske progressiv rock-bandet Marillion. Albumet vart utgjeve i april 1997, og vart spela inn i Marillion sitt eige studio The Racket Club i Aylesbury.

Det vart utgjeve to singlar frå albumet, «Man of a Thousand Faces» i mai 1997 og «80 Day» i september same år. Ingen av singlane nådde inn på den britiske Top 40 singellista. Albumet nådde 27. plass på albumlista i mai 1997.[3]

Teksten til songen «Estonia» vart skrive etter at songar Steve Hogarth møtte den einaste briten som overlevde då ferja Estonia forliste i Austersjøen 28. september 1994. 852 menneske omkom i forliset.

Den europeiske utgåva av albumet hadde eit «skjult» spor ca 14 minutt etter siste songen. Lydkuttet består av Steve Hogarth sin hikstande latter over eit enkelt pianotema. Gruppa laga ein ekstra intro til ein utvida singel-versjon av songen «One of a Thousand Faces», og Steve Hogarth brast ut i latter då han prøvde å synge over piano-introen, etter litt for stort øl-inntak før innspelinga.[4]

Marillion sa i utgangspunktet nei til å dra på turné i Nord-Amerika etter lanseringa av This Strange Engine, fordi det ville bli for dyrt. Ein tilhengjar foreslo då å samle inn til eit turnéfond, slik at gruppa likevel kunne få råd til å turnere i Amerika, og andre tilhengjarar tilbaud seg å administrere fondet. Marillion gjekk med på forslaget, og fansen samla til saman inn over 60 000 dollar.[5] Som ei takk til fansen gav Marillion ein dobbelt-CD med opptak av ein av konsertane på turnéen til alle som hadde bidrege til fondet. (sjå Rochester.)

Under innspelinga av This Strange Engine vart Marillion kontakta av duoen The Positive Light, som ynskte å remikse noko av musikken til Marillion. Resultatet vart remiks-albumet Tales from the Engine Room. Remiks-albumet vart først utgjeve på Marillion sitt eige merke Racket Records for sal berre på gruppa si eiga nettside, og seinare (med eit ekstra spor) på Eagle Records for sal i vanlege butikkar.

I 2001 gav Marillion ut ein dobbelt-CD med demo-material frå innspelinga av This Strange Engine, kalla Another DAT at the Office.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Marillion.

Nr.TittelTekstLengd
1.«Man of a Thousand Faces»Steve Hogarth, John Helmer7:33
2.«One Fine Day»Hogarth, Helmer5:31
3.«80 Days»Hogarth5:01
4.«Estonia»Hogarth7:56
5.«Memory of Water»Hogarth, Helmer3:02
6.«An Accidental Man»Hogarth, Helmer6:12
7.«Hope for the Future»Hogarth, Helmer5:10
8.«This Strange Engine»Hogarth30:24 (musikk 15:33)
Total lengd:70:49
Bonusspor på den japanske utgåva
Nr.TittelTekstLengd
9.«Beautiful» (Akustisk)Hogarth4:50
10.«Made Again» (Akustisk)Helmer5:15
Bonusspor på den amerikanske utgåva
Nr.TittelTekstLengd
9.«Estonia» (Positive Light Remix)Hogarth11:44
10.«80 Days» (Akustisk)Hogarth4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Marillion
Andre medverkande
  • Charlton & Newbottle School Choir – kor på «Man of a Thousand Faces»
  • Tim Perkins – balalaika på «Estonia»
  • Phil Todd – saksofon på «This Strange Engine»
  • Paula Savage – trompet på «Hope for the Future»

¨

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1997 UK Albums Chart 27[6]
Tyskland 48[7]
Nederkabd 10[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]