This Was

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
This Was
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 25. oktober 1968 (Storbritannia)
3. februar 1969 (USA)
Innspelt 13. juni 1968 – 23. august 1968
Studio Sound Techniques i Chelsea i London
Sjanger Bluesrock, jazzfusion, folkrock
Lengd 38:21
Selskap Island (Storbritannia)
Reprise (USA)
Produsent Terry Ellis, Jethro Tull
Jethro Tull-kronologi 
This Was Stand Up
(1969)


Singlar frå This Was
  1. «Sunshine Day/Aeroplane»
    Utgjeve: Tidleg 1968
  2. «A Song for Jeffrey/One for John Gee»
    Utgjeve: Midten av 1968
  3. «Love Story/A Christmas Song»
    Utgjeve: Desember 1968
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Record Collector3/5 stars[2]
The Village Voice(C−)[3]
The Daily VaultA[4]

This Was er debutalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i 1968. Det vart spelt inn for berre 1200 britiske pund og er et einaste albumet deira med gitaristen Mick Abrahams, som var viktig for korleis bandet høyrdest ut på dei første songane deira. Då albumet kom ut selte bandet alt fast på Marquee Club i London, der andre suksessrike britiske grupper som The Rolling Stones og The Who, hadde starta karrierane sine.[5]

Det fekk generelt god kritikk og selde bra då det kom. I ein dokumentarfilm for Woodstockfestivalen kan ein høyre songane «Beggar's Farm» og «Serenade to a Cuckoo» kan høyrast i PA-anlegg i bakgrunnen, noko som indikerer at albumet vart lagt merke til i USA. Albumet nådde 10. plass på UK Album Chart[6] og 62. plass på Billboard 200.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Medan den kreative visjonen til vokalist Ian Anderson i stor grad forma dei seinare albuma til Jethro Tull, delte han låtskrivinga på This Was med gitarist Mick Abrahams. Delvis på grunn av påverknaden frå Abrahams heller albumet meir mot rhythm and blues og jazz enn progressiv rock som bandet seinare vart kjend for.

Musikken på «Beggar's Farm», «My Sunday Feeling», «It's Breaking Me Up» og «Some Day the Sun Won't Shine for You» er baserte på blues-progresjonar og sistnemnde har er arrangert på liknande vis som bluesstandaren til Big Bill Broonzy, «Key to the Highway». «Cat's Squirrel», som vart med på albumet i følgje teksten i omslaget fordi «folk likte han», var ein instrumental som vart spelt av fleire andre britiske bluesband i 1960-åra, mellom anna av Cream. Mick Abrahams spelte seinare denne songen i tida etter Jethro Tull i bluesbandet Blodwyn Pig. Albumet inneheldt ein coverversjon av jazzstandarden til Roland Kirk, «Serenade to a Cuckoo». I følgje teksten i omslaget var denne den første melodien Ian Anderson lærte seg å spele på fløyte. Avsluttinga på «My Sunday Feeling» nyttar element av kjende jazzsongar, som Henry Mancini sin «Pink Panther Theme» (særleg basslinja i songen, spelt som ein kort solo av Glenn Cornick) og Nat Adderley og Oscar Brown jr. sin «Work Song».

This Was inneheld òg den einaste Jethro Tull-songen som Ian Anderson ikkje syng, «Move On Alone». Mick Abrahams, som skreiv songen, syng på denne songen. David Palmer skreiv blåsearrangementet for songen. Abrahams forlét Jethro Tull etter albumet var ferdig innspelt, fordi han ikkje var samd med Anderson om den musikalske retninga bandet skulle ta.

Songen «Dharma for One» vart spelt fast på dei tidlege konsertane til Tull, vanlegvis med ein lengre trommesolo av Clive Bunker. Songen vart seinare spelt inn av Ekseption, Pesky Gee! og The Ides of March. Songen vert framført med mellom anna «claghorn»,[7] eit hybridinstrument oppfunnen av Jeffrey Hammond som kombinerte hovuddelen av ei blokkfløyte, sjallstykke til ein leketrompet og munnstykket til saksofon.[8] Anderson hevdar òg å ha kome opp med instrumentet.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«My Sunday Feeling»Ian Anderson3:43
2.«Some Day the Sun Won't Shine for You»Anderson2:49
3.«Beggar's Farm»Mick Abrahams, Anderson4:19
4.«Move on Alone»Abrahams1:58
5.«Serenade to a Cuckoo» (instrumental)Roland Kirk6:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Dharma for One» (instrumental)Anderson, Clive Bunker4:15
7.«It's Breaking Me Up»Anderson5:04
8.«Cat's Squirrel» (instrumental)Trad. arr. av Abrahams5:42
9.«A Song for Jeffrey»Anderson3:22
10.«Round» (instrumental)Anderson, Abrahams, Bunker, Glenn Cornick, Terry Ellis1:03
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«One for John Gee»Abrahams2:06
12.«Love Story»Anderson3:06
13.«Christmas Song»Anderson3:06
  • 2001-versjonen hadde med tre bonusspor (som tidlegare var gjevne ut i plateboksen 20 Years of Jethro Tull) og med plateomslagstekst.

40-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Ein dobbel-CD gjeve ut i 2008. Han inneheld den originale monoversjonen, ein ny stereoversjon miksa på nytt frå dei originale firesporslydbanda, og to bonusspor frå studio, «Sunshine Day» og «So Much Trouble».

Disk ein (Original monoversjon, samt BBC Sessions)
Nr.TittelLengd
11.«So Much Trouble»3:19
12.«My Sunday Feeling»3:49
13.«Serenade to a Cuckoo»3:37
14.«Cat's Squirrel»4:38
15.«A Song for Jeffrey»3:13
16.«Love Story»3:04
17.«Stormy Monday» (T-Bone Walker)4:09
18.«Beggar's Farm»3:22
19.«Dharma for One»3:46
Disk to (Ny stereomiks spor 1-10 pluss bonusspor)
Nr.TittelLengd
11.«Love Story» (new stereo mix)3:05
12.«Christmas Song» (new stereo mix)3:13
13.«Sunshine Day» (A-side of single)2:26
14.«One for John Gee» (B-side of 'Song for Jeffrey' single)2:05
15.«Love Story» (A-side of single WIP 6048 released in november 1968 on Island)3:05
16.«Christmas Song» (A-side of 'Love Story' single)3:05

50-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Steve Wilson miksa heile albumet på ny i stereo i høve 50-årsjubileet til albumet. Det kom då ut med seks bonusspor, mellom anna jammen «Ultimate Confusion» som ikkje var gjeven ut før.

Bonusspor på 50-årsjubileumsutgåva (Steven Wilsom stereo remix)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Love Story»Anderson3:03
12.«A Christmas Song»Anderson3:09
13.«Serenade to a Cuckoo» (take 1)Roland Kirk5:46
14.«Some Day the Sun Won't Shine for You» (faster version)Anderson2:36
15.«Move On Alone» (flute version)Abrahams2:01
16.«Ultimate Confusion» 2:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2018) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[11] 181
Tyske album (Offizielle Top 100)[12] 28
Skotske album (OCC)[13] 41
Spania (PROMUSICAE)[14] 78

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. This WasAllmusic. Henta 30. april 2019.
  2. Davies, David (June 2008). «Jethro Tull - This Was: Collector's Edition (1968/Remastered 2008)». Record Collector (350). Henta 30. april 2019. 
  3. Christgau, Robert (14. august 1969). «Consumer Guide (3) (Album Reviews)». The Village Voice (New York). Henta 30. april 2019. 
  4. Thelen, Christopher (2019). «The Daily Vault Music Reviews : This Was». dailyvault.com. Henta 30. april 2019. 
  5. «Jethro Tull Discography: This Was (25. oktober 1968)». Jethro Tull Official Website: www.JethroTull.com. Henta 12. mars 2016. 
  6. Liste
  7. «The Dharma for One Claghorn». Rhythm in Gold. WordPress.com. 26. oktober 2012. Henta 12. mars 2016. 
  8. Nollen, Scott Allen (15. desember 2001). Jethro Tull: A History of the Band, 1968-2001. Jefferson, North Carolina: McFarland & Company. s. 36. ISBN 978-0786411016. Henta 12. mars 2016. 
  9. Morton, Tom (27. august 2001). «BBC Radio Scotland: Old Wild Men». Tull Press.com. Henta 12. mars 2016. 
  10. Claghorn: «ei rar bambusfløyte med eit saksofonmunnstykke festa på — eit frykteleg instrument eg fann opp» - Ian Anderson i intervju med BBC Radio Scotland, 27 August2001 [1]}}
  11. "Jethro Tull – This Was" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. april 2019.
  12. "Offiziellecharts.de – Jethro Tull – This Was" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 30. april 2019.
  13. "20181116 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. april 2019.
  14. «Top 100 Albumes – Semana 46: del 9.11.2018 al 15.11.2018» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. Henta 21. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]