Thomas Alsgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas Alsgaard (fødd 10. januar 1972) frå Lørenskog, er ein norsk skiløpar. Han fekk det store internasjonale gjennombrotet sitt under OL i 1994 på Lillehammer, då han vann tremila med stor margin til dei næraste løparane. Etter endt karriere som skiløpar har Alsgaard så vidt vore innom ei karriere som rallyførar og vore langrennstrenar for landslaget i skiskyting. I tillegg har han vore assistenttrenar for det svenske langrennslandslaget, under Inge Bråten.

Heile barndommen sin budde Alsgaard på Flateby i Enebakk.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Olympiske leikar[endre | endre wikiteksten]

  • Gull (30 km fri teknikk 1994, 15 km jaktstart 1998, 2 x 10 km jaktstart 2002, stafett 1998 og 2002)
  • Sølv (stafett 1994)
  • 5. plass (10 km klassisk 1998)

Verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Gull (stafett 1995, stafett 1997, stafett 2001 og 2003, 15 km jaktstart 1999 og 30 km klassisk fellesstart 2003)
  • Sølv (30 km fri teknikk og stafett 1999)
  • Bronse (30 km fri teknikk 1997)

I 2001 vart Alsgaard tildelt Holmenkollmedaljen saman med Bente Skari og Adam Malysz.