Thomas Bayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Bayes.gif

Thomas Bayes (ca. 170217. april 1761) var ein britisk matematikar og statistikar. Han var den første som indikerte asymptotiske eigenskapar ved rekkjeutviklingar, men mest kjend for handsaminga av betinga sannsyn. Bayes viste korleis ein kan rekne ut «inverse» sannsyn, ved det som no vert kalla Bayes-teoremet. Dette gav opphav til Bayes-analyse.

Eit døme på bruk av Bayes-teoremet er ved diagnose av sjeldne sjukdommar. Tenk at p prosent av folkesetnaden har sjukdommen A. Viss ein diagnosetest er positiv med sannsyn 0,99 for ein person som har sjukdommen, og positiv med sannsyn 0,001 for ein frisk person, så seier Bayes-teoremet at sannsynet for at ein tilfeldig valt person med eit positivt testresultat har sjukdommen A er lik

P_+ = \frac{0,09 \cdot p \ }{0,99 \cdot p + 0,001 \cdot (100 - p)}  \,

Viss til dømes 1 av 10 000 har sjukdommen A (p = 0,01), så blir P+ = 0,09.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]