Thomas Bligh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas Bligh (16851775) var ein britisk soldat, mest kjend for tenestene hans under sjuårskrigen då han leia ei rekkje amfibiske operasjonar langs kysten av Frankrike.

Under den lange tenesta i den britiske hæren steig han til generalløytnant. I 1758 fekk han kommandere landgangen i Frankrike, 73 år gammal. Han leia det første raidet på Cherbourg i august og september 1758, og erobra og øydela festningsverka i byen. Han reiste så sørover kysten til Saint-Malo. Her vart han og styrkane råka av dårleg vêr, men fekk nokre av mennene sine på land. Ein større fransk styrke kom marsjerande dit frå Brest og i forsøket på å få mennene sine til sjøs att, mista han mellom 750 og 1000 mann i slaget ved Saint Cast. Restane av troppane segla til England.[1]

Bligh vart dårleg teke imot då han kom heim. Kong Georg II ville ikkje ta imot han, noko som vart rekna som eit stort personleg nederlag, og han vart kritisert frå alle sider.[2] Ein av dei få som støtta Bligh var den unge prinsen av Wales, seinare Georg III.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. West s.302-03
  2. West s.304
  3. West s.477