Thomas Campion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Campion

Thomas Campions notar
Fødd12. februar 1567
FødestadLondon i England
Død1. mars 1620 (53 år)
DødsstadLondon i England
OpphavKongeriket England
Aktiv1601-1617
SjangerRenessansemusikk
InstrumentLutt
Verka somKomponist

Thomas Campion, ofte Campian (fødd 12. februar 1567 i London, død 1. mars 1620 i London) var ein engelsk komponist, poet og lege.

Campion studerte ved Peterhouse College i Cambridge, men enda studiet utan å ta noko grad. Han studerte seinare rettsvitskap i London, men ser ikkje ut til å ha praktisert som jurist. 10. februar 1605 fekk han i staden ein medisinsk grad ved Universitet i Caen.

Han debuterte som poet i 1591 då fem av arbeida hans vart publisert i ei utgåve av Sir Philip Sidneys Astrophel and Stella.

Campion skreiv over hundre songar med luttakkompagnement, den første samlinga gav han ut saman med Philip Rosseter i 1601 og fire fleire følgde. I 1615 publiserte han ei bok om kontrapunkt, A New Way of Making Fowre Parts in Counterpoint By a Most Familiar and Infallible Rule, gjeven ut på ny i 1660. Campion døydd i 1620 i London, truleg i pesten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]


Media[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]