Thomas Gray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Gray

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 26. desember 1716
London
Død

30. juli 1771 (54 år)
Cambridge

Yrke lyrikar, litteraturkritikar, skribent
Språk engelsk
Thomas Gray på Commons

Thomas Gray (26. desember 171630. juli 1771) var ein engelsk diktar og professor i historie ved Universitetet i Cambridge. Han blir rekna som ein representant for førromantikken,[1] og var ein viktig inspirasjon for seinare romantiske diktarar i England.

Frå 1739 til 1741 reiste han gjennom Frankrike og Italia saman med Horace Walpole. Opplevingane frå denne reisa skildrar Gray i Letters, journal of a tour in Italy.

Berre frå tårnet med sin eføymur
set ugla opp mot månen klageljom
om dei som trør for nære hennar bur
og krenkjer hennar eige gamle rom.

I skuggen her av barlind, alm og pil,
der kveldsvind blar i graset over støv,
ligg kvar og ein tri alner djupt i kvil,
ligg trauste landsbyfedrar trygt og søv.

Thomas Gray. Gjendikta av Johannes Gjerdåker.
«Elegi skriven på ein landsens kyrkjegard» frå samlinga Mjølk av Paradis. Engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare.

Seinare slo han seg ned i Cambridge, der han livnærte seg som rettslærd. I 1768 blei han utnemnd til professor i nyare historie. Same året blei dikta hans utgjeve samla for fyrste gong, og blei så populære at dei blei trykt i fleire opplag. Særleg kjend er diktet «Elegi skriven på ein landsens kyrkjegard», som kom på prent i eit litterært tidsskrift i London i 1751. Gray hadde byrja på diktet alt i 1742. Diktet nådde snøgt ut til breie lag av folket, og er mellom dei mest lesne i den engelsktalande verda.

Med sine musikalske og elegiske odar og poetiske vektlegging av kjensler og folkeleg daglegliv signaliserte Gray overgangen til romantikken i engelsk litteratur, og påverka sentrale forfattarar som til dømes William Wordsworth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Etterord» av Johannes Gjerdåker i Mjølk av Paradis. Engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare. Det Norske Samlaget, Oslo 2000.
  • Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tore Zetterholm, Eiliv Eide (1986). Levende litteratur: fra Gilgamesj til Bob Dylan. Den norske bokklubben. s. 123. ISBN 8252512836. 
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.