Thomas Griffith Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Griffith Taylor

Thomas Griffith Taylor (fødd 1. desember 1880 i Walthamstow i England, død 5. november 1963 i Manly i Australia) var ein britisk-australsk geolog, geograf, antropolog og polarforskar.

Familien hans emigrerte til Australia i 1893. Han studerte ved University of Sydney, der han var elev hos Edgeworth David. Seinare var han ved University of Cambridge, der han vart ven med Raymond Priestley, Charles Wright og Frank Debenham som alle seinare skulle delta på Terra Nova-ekspedisjonen til Antarktis saman med han.

På Terra Nova-ekspedisjonen 1910–1912, som vart leia av Robert Falcon Scott, medverka han til å utarbeide topografiske kart over vestkysten av McMurdo Sound, det vil sei mellom McMurdo Dry Valleys og Koettlitzbreen, og frå Granite Harbour.

Seinare hadde han professorat ved universitet i Sydney, Chicago og Toronto.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]