Thomas Hobbes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Hobbes

Fødd5. april 1588
Westport
Død4. desember 1679
Derbyshire, Hardwick Hall
NasjonalitetKongeriket England
Områdefilosofi, rettskildelære, historie, etikk, geometri
Yrkestatsvitar, matematikar, filosof, samfunnsøkonom, politikar, historikar, omsetjar, skribent, privatlærer, rettsfilosof
Alma materMagdalen College
University of Oxford

Thomas Hobbes (5. april 15884. desember 1679) var ein engelsk filosof. Han er mest kjend for hovudverket sitt Leviathan, som han gav ut i 1651, der han freistar å rettferdiggjere staten og vise korleis det er vår plikt å lyde han. Han gjer seg her til talsmann for eineveldet og staten sin uavgrensa makt. Hobbes var den første som opererte med omgrepet samfunnskontrakten, og blir rekna som den moderne grunnleggaren av den sosiale kontraktteorien.[1]

Leviathan[endre | endre wikiteksten]

Hobbes skreiv Leviathan under den engelske borgarkrigen (1642–1651). Spørsmålet om individ sine rettar var ein stor debatt. Det handla om kven som kunne få lov til å røyste, men også om religionsfridom, rettar i rettssaker og straff og likskap for lova, legalitetsprinsippet.[2] Nokre av desse temaa blir også teke opp i Leviathan.

Hobbes sin filosofi[endre | endre wikiteksten]

Hobbes resonnerer seg fram til læra om den uavgrensa statsmakta ved hjelp av ei rekkje med postulat, mellom anna å sjå føre seg eit samfunn utan eit statleg styre. Han føreset for det første at menneska ynskjer å overleve, og at dei ynskjer seg eit godt og rikeleg liv. Dessutan ynskjer dei å oppnå makt og ære. Han legg vidare til grunn at menneska er relativt like i sårbarheit og evne, og at det alltid vil vere knapt med ressursar. På dette grunnlaget sluttar han at det vil utvikle seg ein «alle sin krig mot alle».[3] Nokre vil åtake andre for å sikre si eiga materielle overleving, andre vil åtake for å oppnå ære og makt. Den stadige faren for å bli angripen vil dernest føre til at menneske som i utgangspunktet helst vil la andre vere i fred kjenner seg tvungne til å gå til åtak på andre menneske for å sikre si eiga overleving. Hobbes omtalar denne situasjonen som «naturtilstanden».

Naturtilstanden var ifølge Hobbes «einsamt, fattig, vondt, umenneskeleg og kortvarig»,[4] og blir ofte sett på som ein krigstilstand. For å kome seg ut av denne tilstanden burde ein ifølge Hobbes inngå ein samfunnskontrakt, der alle individa blei samde om gje frå seg sin fridom, makt og styrke, til ein suveren, herskar, under føresetnad av at han sørga for at deira liv og eigedom blei verna av den suverene makta.[5] Føresetnaden er altså at alle dei andre (med unntak av suverenen) går med på det same. Viss ikkje alle dei andre i lik grad avstår frå retten til å gjere kva dei vil, så er det ingen som har grunn til å gjere det. Det ville dermed berre auke risikoen for å bli plyndra. Kontrakten krev uinnskrenka absoluttistisk makt. Den føreset ein herskar som er så sterk at han kan tvinge alle til lydnad.

Hobbes understrekar at kontrakten vert inngått mellom individa i samfunnet, ikkje mellom desse og suverenen/staten. Suverenen står utanfor og kva enn han gjer, så er det rett så lenge han sørger for ein fredleg og stabil samfunnsorden for å sikre borgarane sin tryggleik. Dersom herskaren ikkje klarer å verne borgarane sin tryggleik, gjeld ikkje kontrakten lenger og samfunnet vender tilbake til naturtilstanden.

Liknande tankar finn ein att hjå kontrakt-teoretikarane John Locke (1632–1704) og Jean-Jacques Rousseau (1712–1778). John Locke gjorde seinare gjeldande, at dersom suverenen ikkje klarer å verne liv, eigedom og fridom, så har rimelege og fornuftige undersåttar rett til å styrte han, og erstatte han med ein ny.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historical Context for Leviathan | The Core Curriculum», www.college.columbia.edu, henta 2. september 2022 
  2. «British Library», www.bl.uk, henta 2. september 2022 
  3. Alnes, Jan Harald (26. desember 2018). «Thomas Hobbes». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «The Project Gutenberg eBook of Leviathan, by Thomas Hobbes», www.gutenberg.org, henta 2. september 2022 
  5. «social contract | Definition, Examples, Hobbes, Locke, & Rousseau | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 2. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Thomas Hobbes