Thomas Konow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Konow
Måla av: Knud Bergslien
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814

Thomas Konow (10. oktober 179610. oktober 1881) var ein norsk sjøoffiser og stortingsrepresentant.

Konow var frå Bergen, bror av Wollert og August Konow. Frå 1808 til -13 var Konow på sjøkadettinstituttet i København. 1813 vart han sekondløytnant i marinen og beordra til teneste på orlogsbriggen Lolland. Briggen var då stasjonert i Noreg.

Av mannskapet ombord på Lolland vart Konow i 1814 vald til valmann, trass sin unge alder. Einast to valmann møtte til sjølve valet for sjøforsvaret, og ettersom sjøforsvaret skulle han to utsendingar var valet sjølvskrive. Konow møtte som den yngste representanten til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. 17 år gamle Konow var 2. representant for 'Søe Deffensionen'. Han vart vald til stortinget ein gong seinare, i 1839, då for Jarlsberg og Larvik amt (Vestfold).

Då riksforsamlinga vart oppløyst vende Konow tilbake til marinetenesta. I 1815 leia han bygginga av Skudenes fyr. 1817 vart det oppretta sjøkadettskule på Fredriksvern, og Konow fekk arbeid som lærar på skulen. Han hadde denne stillinga til 1848.

I 1844 var Konow sjef på korvetten Nordstjernen på korvetten sitt tokt i Mellomhavet, då den tok del i oppgjeret med Marokko.

Perioden 1848-60 var han sjef ved Hortens verft. År 1860 vart han kontreadmiral og dei neste ni åra sjef for marinekommandoen. Konow var elles formann i ein stor marinekommisjon som vart nedsett i 1855. 1861 var han med interimsregjeringa.

Etter han trekte seg tilbake, budde han i Kristiania. Konow var ein av dei fire eidsvollsmennene som tok del i femtiårsfesten for 17. mai 1814. Han var den siste gjenlevande eidsvollsmann då han døydde.[1]

Konow er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.[2]

Konow fekk St. Olavs Orden i 1849 og storkorset 20 år seinare. Han var òg riddar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skilling-Magazin, nr. 5, 1879
  2. 2,0 2,1 Thomas Konow frå Norsk biografisk leksikon

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]