Thomas Lawrence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om kunstnaren. For soldaten, sjå Lawrence av Arabia.
Sjølvportrett av Thomas Lawrence.

Sir Thomas Lawrence (13. april 17697. januar 1830) var ein britisk romantisk portrettmålar. Lawrence var eit sjølvlært vidunderbarn kjend for sitt talent til å få fram portrettlikskap og for ein virtuos bruk av måling. Han var president ved Royal Academy of Arts og var rekna som ein topp målar fram til han døydde som 60-åring.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Portrett av dronning Charlotte (1790).

Lawrence var fødd i Bristol. Faren var vertshushaldar først der og seinare i Devizes, der Lawrence først byrja å teikna. Etter at Thomas Lawrence den eldre gjekk konkurs i 1779 flytta familien til Bath, og frå Lawrence var ti selde han pastellportrett for å spe på familieøkonomien. Som attenåring drog han til London der han snart skapte seg eit ry som målar av oljemåleri. I 1789 fekk han sitt første kongelege oppdrag, eit portrett av dronning Charlotte. Dronninga likte ikkje biletet sjølv, men det blei lovprisa av kritikarar då det blei stilt ut ved Royal Academy of Arts året etter.

Thomas Lawrence fekk ei rekkje portrettoppdrag av rike og adelege, og måla mange politiske leiarar. Han måla nesten berre portrett. Lawrence arbeidde hardt, men brukte lang tid på å fullføra verk. Han var ofte i pengenaud, truleg fordi han gav mykje vekk til familie og venner. Han hadde også eit komplisert kjærleiksliv knytt til to systrer, Sally og Maria Siddons, som han bytt på å vera forelska i. Maria døydde i 1798 og Sally i 1803 etter å ha lova syster si å bryta med han. Lawrence heldt likevel kontakten med mor deira, Sarah Siddons, som sat for fleire portrett. Lawrence gifta seg aldri, men hadde i det minste djupe venskap med Elizabeth Croft og Isabella Wolff i sine seinare år.

Portett av Arthur Atherley som Eton-elev (ca. 1791).

Lawrence blei adla i 1815 og seinare send ut i Europa av prinsregenten, seinare Georg IV av Storbritannia, for å måla allierte leiarar der. Han måla mellom anna tsar Aleksander, tyske keisar Frans II, den unge Napoleon II og pave Pius VII.

Sir Thomas Lawrence vald til president for Royal Academy i 1820 etter at Benjamin West var død. Han fekk fleire oppdrag frå Georg, som no var blitt konge, og frå den stigande politikaren Robert Peel. Lawrence måla to av sine mest kjende barneportrett i 1820-åra: Eit bilete av Emily and Laura Calmady og eit av Charles William Lambton, kjend som The Red Boy.

Eit av hans siste oppdrag var eit portrett av George Hamilton-Gordon, som seinare skulle bli statsminister. Skodespelaren og syskenbarnet til Siddons-systrene, Fanny Kemble, var ein av dei siste som sat for han. Lawrence døydde plutseleg av hjartesvikt i 1830.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thomas Lawrence

Kjelder[endre | endre wikiteksten]