Thomas Luckmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas Luckmann (fødd 27. oktober 1927) er ein tysk-slovensk sosiolog og sosialfilosof.

Luckmann var fødd i Jesenic (tysk Assling) i dåverande Kongeriket Jugoslavia, no Slovenia, nær grensa til Austerrike. Familien flytta til Austerrike etter andre verdskrigen.

Luckmann studerte ved Universitetet i Wien, så i Innsbruck og New York ved New School for Social Research. Han hadde òg studieperiodar ved Sorbonne, Oxford og Yale. Han budde i USA frå 1951. Luckmann blei magister i filosofi, med ei avhandling om moralfilosofien hjå Albert Camus, i 1953 ved New School. Han var assistent hos sosiologen Carl Mayer. I 1956 tok han doktorgrad i sosiologi (filosofi og psykologi som støttefag) same stad, med eit empirisk arbeid om religionsutviklinga i Tyskland i etterkrigstida.

Han var lærar ved Hobart College i Geneva (Upstate New York) frå 1956 og ved New School i 1960-1965. Frå 1970 var han lærar ved tyske universitet. Luckmann var professor i sosiologi ved universitetet i Frankfurt 1965-1970. Frå 1970 til 1994 var han professor i sosiologi ved universitetet i Konstanz. Han har utført skandinavisk samarbeid med Per Linell ved universitetet i Linköping og med Erik Karlsaune ved NTNU i Trondheim. Luckmann blei utnemnd til æresdoktor ved NTNU 1998.

Teoriar[endre | endre wikiteksten]

Luckmann fekk oppdraget med å redigere, fullføre og publisere eit stort manuskript etter sosiologen Alfred Schütz om strukturar i livsverda (2 bind på tysk, 1953. eng. oms. jf. biblografi). I Konstanz utvikla Luckmann eit miljø for tolkande sosiologi i ånda åt Max Weber og for fenomenologisk tufta kunnskapssosiologi, delvis i kontrast til den kritiske sosiologien i Frankfurt (jf. Horkheimer, Adorno, Marcuse og Habermas), strukturfunksjonalistisk sosiologi, postmoderne filosofi og fransk strukturalisme. Særleg kjend for boka «The social construction of reality» (1966) med Peter Berger. Boka oppmoder kunnskapssosiologar til å arbeide hovudsakleg med religion og språk.

Luckmann har særleg arbeidd med religionssosiologi i tida før Konstanz og i Konstanz med kommunikasjonssosiologi. Gjennomførte store tverrfaglege prosjekt med videoanalyse av kvardagssituasjonar lenge før tida med digital video. Han karakteriserer sin eigen sosialfilosofi som sosiologisk prototeori, med teoretisk grunnlag frå fenomenologiske analysar av livsverda.

I religionsosiologien har Luckmann vore ein sterk talsmann for ein vid religionsdefinisjon (ein funksjonell definisjon) som gjer sosiologen mindre bunden til studiet av institusjonalisert religion. Han åtvara tidleg på 1960-talet om at religionssosiologien oversåg den nyreligiøse oppblomstringa og nyorienteringa som vart så tydeleg på 1990-talet.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Berger, P. and T. Luckmann (1967). «The social construction of reality. A treatise in the sociology of knowledge». Garden City, New York, Anchor Books/Doubleday. Oms. til dansk (1976). «Den samfundsskabte virkelighed. En videnssociologisk afhandling». København, Lindhard og Ringhof. Oms. til norsk (2000). Den samfunnsskapte virkelighet. Bergen, Fagbokforlaget.
  • Luckmann, T. (1963). «Das Problem der Religion in der moderne Gesellschaft». Freiburg, Rombach.
  • Luckmann, T. (1967). «The Invisible Religion.» The Problem of Religion in Modern Society. New York, Macmillan.
  • Schütz. A. og Luckmann, T. (1973): «Die Strukturen der Lebenswelt», 2 bind. Neuwied: Luchterhand, 1975; Frankfurt am Main: Suhrkamp, 1953. Engelsk omsetjing: The Structures of the Lifeworld, Vol. I. Oms. av Richard M. Zaner and H. Tristram Engelhardt, Jr.; Vol. II. Oms. av Richard M. Zaner og David J. Parent. Evanston, Ill: Northwestern University Press, 1973, 1989.
  • Luckmann, T. (1990). "Lebenswelt. Modebegriff oder Forschungsprogramm?» Grundlagen der Weiterbildung. Zeitschrift für Weiterbildung/Erwachsenbildung im In- und Ausland 1: 9-13.
  • Luckmann, T. (1991). «Die unsichtbare Religion». Frankfurt am Main, Suhrkamp.
  • Luckmann, T. (1992). Theorie des sozialen Handelns. Berlin, de Gruyter.
  • Berger, P. and T. Luckmann (1995). «Modernity, Pluralism and the Crisis of Meaning. The Orientation of Modern Man». Gütersloh, Bertelsmann Foundation.
  • Luckmann, T., red. (1998). «Moral im Alltag. Sinnvermittlung und moralische Kommunikation in intermediären Institutionen.» Gütersloh, Verlag Bertelsmann Stiftung.
  • Luckmann, T. (2002). «Wissen und Gesellschaft. Ausgewählte Aufsätze 1981-2002.» Konstanz, UVK.
  • Luckmann, T. (2007). «Lebenswelt, Identität und Gesellschaft. Schriften zur Wissens- und Protosoziologie.» Konstanz, UVK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Karlsaune, Erik Forord til: Luckmann, T. (2004). «Den usynlige religionen». Oms. av Erik Karlsaune. Trondheim, Tapir.
  • Schnettler, B. (2006). «Thomas Luckmann». Konstanz, UVK Verlagsgesellschaft.