Thomas More

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas More

Sir Thomas More (7. februar 14786. juli 1535), også kjend som Sankt Thomas More, vart ein engelsk advokat, forfattar og statsmann. Medan han levde hadde han omdøme som ein av dei leiande engelske humanistane og inntok mange offentlege embete, innbefatta stillinga som rikskanslar frå 1529 til 1532. Han vart også ven av Erasmus.

Liv[endre | endre wikiteksten]

More skapte ordet «utopi», etter namnet «Utopia» som han gav til ein ideell, innbilt øynasjon med eit politisk system han skildra i ei bok utgjeven i 1516. Han er hovudsakleg hugsa for å nekte å akseptere kong Henrik VIII sitt krav å bli overhovud for kyrkja i England under reformasjonen, ei avgjerd som enda hans politiske liv og førte til avretting for forræderi på Tower Hill i London. Før han blei avretta sa han til tilskodarskaren at han døydde som «kongens gode tenar, men først og fremst Guds.»

Helgenstatus[endre | endre wikiteksten]

I Den katolske kyrkja blei han rekna som martyr kort tid etter han døydde, men først i 1886 blei han formelt sælekåra saman med John Fisher. Dei to blei heilagkåra saman i 1935 av pave Pius XI, og blir feira saman den 22. juni. I 2000 blei han formelt erklært å vere vernehelgen for advokatar, politikarar og statsleiarar. More blei oppteken i den anglikanske kyrkja sin kalender over helgenar i 1980.