Thomas Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Myhre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. oktober 1973 (50 år)
Sarpsborg kommune
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk norsk
Høgd 192 centimeter
Thomas Myhre på Commons

Thomas Myhre (fødd 16. oktober 1973) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Sarpsborg. I tida mellom 1998 og 2006 var Myhre i fleire år fast målvakt på det norske landslaget, i alt spela han 56 landskampar for Noreg. Han spela for heile fjorten klubbar i si tid som aktiv, som varte frå 1990 til 2010. Flest kampar spela han for Viking FK, der han var i to periodar; 1993-97 og 2007-09. Til saman stod han 116 gongar i Vikings mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Myhre debuterte for Rygge i 1990-sesongen. Dei to neste sesongane spela han på andredivisjons-klubben Moss, der han utmerka seg og etter kvart fekk sjansen på U21-landslaget til Noreg. Frå 1993 stod han i mål for toppklubben Viking. Ein kneskade gjorde at Myhre mista heile 1996-sesongen, men han kom tilbake for fullt sesongen etter.

Ved sesongslutt hausten 1997 vart Myhre overført til den engelske fotballklubben Everton. Han gjorde ein god jobb mellom stengene i Everton, og spela samtlege ligakampar for Everton i 1998/99-sesongen. Tidleg i sesongen vart han skadd, og mista plassen i startellevaren. Frå seinhaustes 1999 spela han på klubbane Birmingham, Tranmere Rovers, skotske Rangers og danske FC København, i alle klubbane var han på sakålla utlån. For København spela han ti kampar og var med å sikre klubben seriegullet for 2000/01.

Sommaren 2001 vart Myhre kjøpt av den tyrkiske klubben Beşiktaş. Etter ein sesong i Tyrkia returnerte han til England og signerte for Sunderland. Dei to fyrste sesongane sat han mykje på benken og var ei tid målvakt fro Crystal Palace. I 2004/05-sesongen var han fast burvaktar for Sunderland, som ved sesongslutt var klar for opprykk til Premier League.

Myhre si kontrakt med Sunderland gjekk ut våren 2005. Ei kort tid var han i Fredrikstad, før han i august månad signerte for London-klubben Charlton Athletic FC. I februar 2007 gjekk han tilbake til Viking, nærmare ti år etter han reiste utanlands. Han spela for Viking fram til og med 2009. I sin siste sesong, 2010, stod han i mål for Kongsvinger, som då spela på nivå to i Noreg.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Myhre fekk sin landslagsdebut for Noreg i ein privatlandskamp mot Danmark i april 1998. Same året var han reservemålvakt i den norske VM-troppen. Under EM i fotball 2000 spela han i alle dei tre kampane Noreg deltok i.

På landslaget var Myhre jamnast stabil. Fleire store tabbar i viktige landskampar mot Bosnia og mot Tyrkia førte til at Noreg tapte viktige poeng, noko som vart avgjerande for at laget ikkje makta kvalifisere seg til EM 2008. Etter desse to kampane vart Myhre erstatta av Håkon Opdal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Thomas MyhreFIFA sin offisielle nettstad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]