Thomas Numme
Thomas Numme (fødd 28. februar 1970 i Sandefjord) er ein norsk programleiar for det talkshowet Senkveld med Thomas og Harald som går på TV 2.
Han er son av Yngvar Numme, artisten frå humorgruppa Dizzie Tunes. Han voks opp i Sandefjord, men bur i dag i lag med kona Annette Walther og dei to borna deira i Oslo.
Thomas Numme debuterte i riksmedia som programleiar og reportar i radioprogrammet Holger Nielsens Metode på NRK P3. Etter dette var han programleiar for barne-TV-programmet Nå er det nå, og etter dette for NRK-programmet Trigger saman med Solveig Kloppen. I januar 2003 vart Numme og makkeren hans, Harald Rønneberg programleiarar for den nye fjernsynssatsinga Idol på TV2. Det blei en stor suksess, og siden hausten 2003 har radarparet vore programleiarar for Senkveld med Thomas og Harald på TV 2.
Anna [endre]
I ungdommen var Numme ein lovande handballspelar, men han måtte avslutte karrieren grunna mykje skade og sjukdom.