Thomas Pynchon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Pynchon

Statsborgarskap USA
Fødd 8. mai 1937 (86 år)
Glen Cove
Yrke skribent, romanforfattar, essayist, science fiction-forfattar
Språk engelsk
Far Thomas Ruggles Pynchon Sr.
Mor Catherine Frances Pynchon
Thomas Pynchon på Commons

Thomas Ruggles Pynchon junior (fødd 8. mai 1937) er ein amerikansk, New York-basert, forfattar. Han er kjend for dei tettskrivne, komplekse skjønnlitterære verka sine. Han kjem frå Long Island, har tenestegjort to år i den amerikanske marinen og har ein universitetsgrad i engelsk frå Cornell University. Etter å ha utgjeve fleire noveller på slutten av 50-talet og i byrjinga av 60-talet, byrja han skriva romanane han er mest kjend for i dag: V. (1963), [atalognr. 49 (1966), Gravity’s Rainbow (1973), Vineland, (1990), Mason & Dixon (1997) og Against the Day (2006).

Pynchon vert rekna for ein av dei beste forfattarane i amerikansk samtidslitteratur av mange lesarar og kritikarar. Han har motteke MacArthur Fellowship-stipendet og National Book Award, og vert ofte nemnd som ein kandidat til Nobelprisen i litteratur. Både dei skjønnlitterære tekstane og det han har skrive innanfor sakprosa femnar om eit vidt spenn av innhald, stilar og tema; mellom anna (men ikkje utelukkande) historie, vitskap og matematikk. Pynchon er òg kjend for å unngå rampeljoset: veldig få fotografi av han er nokon gong offentleggjorde, og rykte om kvar han er og identiteten hans har vore i omgang sidan 60-talet.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Thomas Pynchon vart fødd i Glen Cove på Long Island i den amerikanske delstaten New York i 1937, som eitt av tre barn til Thomas Ruggles Pynchon senior (1907-1995) og Katherine Francis Bennett (1909-1996). Den tidlegaste amerikanske forfaderen hans, William Pynchon, utvandra til Massachusetts Bay-kolonien med skipet Winthrop Fleet i 1630, og etter dette fann ei lang rekkje Pynchon-etterkomarar rikdom og ry på amerikansk jord. Pynchon har nytta familiebakgrunnen sin og aspekt frå slektssoga si som kjeldematerial i romanane sine, særleg i familiehistoria åt Slothrop-familien, nytta i The Secret Integration (1964) og Gravity's Rainbow.

Barndom og skulegang[endre | endre wikiteksten]

Pynchon gjekk ved Oyster Bay High School, der han skreiv i skuleavisa og utmerkte seg i studia sine. Etter eksamen i 1953 studerte han nytta fysikk ved Cornell University, men slutta ved utgangen av det andre året sitt for å tenestegjera i den amerikanske marinen. I 1957 vende Pynchon attende til Cornell for å studera engelsk. Den fyrste utgjevne novella hans, «The Small Rain», vart prenta i Cornell Writer i mai 1959, og er ei gjenforteljing av ei sann historie om ein ven som hadde tenestegjort i den amerikanske hæren. Etter dette har han nytta sine eigne opplevingar og erfaringar frå marinen i dei skjønnlitterære verka sine.

Medan han studerte ved Cornell, vart Pynchon vener med Richard Fariña, og båe leidde det Pynchon kallar ei «mikro-kult» kring Oakley Halls roman Warlock frå 1958. (Seinare fortalde han mimrande frå desse dagane i eit føreord han skreiv til Fariñas roman Been Down So Long It Looks Like Up to Me, som fyrst vart utgjeven i 1966.) Det vert òg sagt at Pynchon var til stades på førelesingar Vladimir Nabokov heldt, som på den tida underviste i litteratur ved Cornell-universitetet. Ved eit seinare høve har Nabokov uttala at han ikkje hugsar Pynchon (sjølv om kona hans, Vera, som sette karakterar på innleveringane til Nabokovs elevar, kommenterte at ho hugsa den særeigne handskrifta hans; den seinare handskrifta hans er ikkje særeigen), medan andre lærarar ved Cornell, som til dømes forfattaren James McConkey, hugsar han som ein gåverik og utprega flink student. Pynchon fekk BA-graden sin (Bachelor of Arts) i juni 1959.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter tida ved Cornell byrja Pynchon arbeidet med den fyrste romanen sin. Frå februar 1960 til september 1962 var han tilsett hjå Boeing i Seattle som forfattar av tekniske rettleiingar, mellom anna tryggleiksartiklar for Bomarc Service News (sjå Wisnicki 2000-1), eit blad for BOMARC-bakke-til-luft-missilet den amerikanske luftstyrka hadde utvikla. Erfaringane Pynchon gjorde seg hjå Boeing inspirerte skildringane av «Yoyodyne»-konsernet i V. og Katalognr. 49, og både bakgrunnen hans frå fysikk og den tekniske journalismen han dreiv med hjå Boeing syrgde for mykje av råmaterialet for Gravity's Rainbow. Då denne vart utgjeven i 1963, vann romanen hans V. ein William Faulkner Foundation-pris for beste debutroman det året.

Etter han slutta i jobben hjå Boeing, budde Pynchon i New York og Mexico før han flytte til California, der han skal ha basert seg i store delar av 60-talet og i byrjinga av 70-talet; særleg i ein bustad på Manhattan Beach (Frost 2003). I denne perioden omfemna han livsstilen og verdiane knytte til hippie-kulturen, noko han seinare kom til å gjera bruk av i romanen hans Vineland frå 1990 (Gordon 1994). I 1964 vart søknaden hans om å studera matematikk ved University of California i Berkeley avvist (Royster 2005). I 1966 skreiv han ein augnevitne-reportasje om etterdønningane og arva frå Watts-opprøra i Los Angeles. Artikkelen vart fyrste gong prenta i New York Times Magazine under tittelen A Journey into the Mind of Watts (Pynchon 1966).

Frå midten av 60-talet har Pynchon òg med jamne mellomrom skrive små meldingar og føreord for ei lang rekkje romanar og ikkje-skjønnlitterære verk. Eitt av dei fyrste av desse skriftstykka var ei kort melding av Halls Warlock, som vart prenta, saman med sju andre kommentarar frå andre forfattarar om «neglisjerte bøker», som ein del av artikkelen «A Gift of Books» i desemberutgåva av bladet Holiday frå 1965.