Thomas Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Sørensen
Sørensen, Thomas.jpg
Personleg informasjon
Namn Thomas Løvendahl Sørensen
Fødselsdato 12. juni 1976
Fødestad Fredericia i Danmark
Høgd 196 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Stoke City
Draktnummer 29
Ungdomsklubb
Erritsø
Assens FC
OB
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1994-98
1996
1997-98
1998-2003
2003-08
2008-
Danmark Odense
Danmark Vejle (lån)
Danmark Svendborg (lån)
Flag of England.svg Sunderland
Flag of England.svg Aston Villa
Flag of England.svg Stoke City
0 (0)
6 (0)
50 (0)
171 (0)
139 (0)
61 (0)
Landslag**
1993-97
1999-
Danmark Danmark U21
Danmark Danmark
1 (0)
86 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 27. februar 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Thomas Løvendahl Sørensen (fødd 12. juni 1976) er ein dansk fotballspelar, som i 2009/10-sesongen spelar for Stoke City i engelsk Premier League og for det danske landslaget. Han har spelt i to store meisterskap for Danmark: VM i fotball 2002 og EM i fotball 2004.

Sørensen vart fødd i Fredericia. Han starta karrieren sin i Odense Boldklub i 1995. Han gjekk i 1996 på lån til Vejle BK der han spelte seks kampar. I 1997 gjekk han til Svendborg fB der han fekk 50 kampar. I 1998 reiste han til England og Sunderland, der han mellom anna heldt den norske landslagskeeperen Thomas Myhre på reservebenken i 2002/03-sesongen. Sørensen spelte i Sunderland fram til 2003, då han gjekk til Aston Villa. Han spelte 139 ligakampar for Aston Villa fram til 2008, då han gjekk til Stoke City.

Thomas Sørensen debuterte for det danske A-landslaget i november 1999, som innbytar for ein skada Peter Schmeichel. Under fotball-EM i 2000 var han reservekeeper for Danmark. I 2001 vart han fast landslagskeeper for Danmark under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2002, og spelte alle Danmark sine kampar under VM. Han spelte òg i alle Danmark sine kampar under fotball-EM i 2004.

Sørensen har 2 born, Marcus og Celine.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 8. mars 2010.