Thorir Hergeirsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Þórir Hergeirsson (norsk: Thorir Hergeirsson) (fødd 27. april 1964) er ein islandsk handballtrenar som er trenar for det norske kvinnelandslaget i handball. Han tok over stillinga etter Marit Breivik i 2009, men hadde då vore assistenttrenar sidan sommaren 2001.

Hergeirsson flytte til Noreg i 1986 for å studera ved Norges Idrettshøgskole. Han starta karrieren sin som juniortrenar i Fredensborg/Ski. Seinare trena han Elverum håndball og Gjerpen idrettsforening før han kom til Norges Håndballforbund som trenar for juniorlandslaget.

Med Hergeirsson som trenar har landslaget vunne VM-bronse i 2009, EM-gull i 2010, VM-gull i 2011 og OL-gull under sommar-OL 2012 i London.

Hergeirsson er busett på KleppJæren, er gift og har tre born.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]