Thorismund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorismund

Fødd 420
Det vestgotiske riket
Død

453
Toulouse

Yrke monark
Religion Visigothic arianism
Far Theodorid
Thorismund på Commons

Thorismund eller Thorismud var konge over vestgotarane. Han rådde frå 451 til 453. Han var eldste son av Theodorid.

Thorismund tok kongsmakta over visigotane etter at far hans fall i slaget på Katalaunarmarka i 451. Han var berre konge i to år, mest på grunn av trette mellom brørne hans. I styringstida si hadde han meir enn nok å gjera med alanane som heldt Orléans. Han vann på alanane, men laut trekkje seg snøgt attende til Toulouse av di broren Theodorid samla folk mot han. På same tid hadde frankarane samla seg under Childerik, og Thorismund makta ikkje å vinne på dei. Frankarane vart den store plaga for visigotane i åra etter.

Thorismund vart hoggen ned av ein hirdmann som vart kalla Askalk (etter Jordanes), og etterfylgd av broren Theodorid II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]