Thorkild Hansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorkild Hansen (9. januar 1927–4. februar 1989) var ein dansk forfattar.
Hovudverka hans er romanen Det lykkelige Arabien (1962) og romantriologien om den danske slavehandelen: Slavernes kyst (1967), Slavernes skibe (1968) og Slavernes øer (1970) - som han fekk Nordisk Råds Litteraturpris for i 1971.
Han har også skreve: Jens Munk 1969.
I 1978 utgav han Processen mod Hamsun I-III (biografi), som det vart ein god del debatt omkring, særleg i Noreg (sitat frå Thorkild Hansen: «Vil du se idioter, så tag til Norge»). Boka vart seinare filmatisert med den svenske skodespelaren Max von Sydow som Knut Hamsun.