Thorney Island i West Sussex

Koordinatar: 50°49′02″N 0°55′13″W / 50.81722°N 0.92028°W / 50.81722; -0.92028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorney Island på eit kart frå 1835 (i midten til venstre) før ho vart knytt til fastlandet med dike

Thorney Island er ei øy i Chichester Harbour i West Sussex i England. Det samle sundet Great Deep går mellom fastlandet og øya. Dike kryssar sundet og gjer i røynda øya til ei halvøy. Landsbyen West Thorney ligg på austsida av øya og er ein del av ein militærbase her.

Det går ein offentleg sti rundt heile øya. Sørsida av øya er ein del av ein militærbase og tilkomsten her for publikum er avgrensa til stien og St. Nicholas-kyrkja i West Thorney. For å gå på stien i denne delen må ein via ein interkom oppgje namn, adresse og telefonnummer. SØr for øya ligg Pilsey Island, og desse er knytt i hop via ein sandbanke.

I 2001 hadde øya 1079 innbyggjarar. Den britiske forfatteren Alan Watts vart fødd på Thorney Island i 1923.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°49′02″N 0°55′13″W / 50.81722°N 0.92028°W / 50.81722; -0.92028