Thornton Wilder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thornton Wilder

Thornton Niven Wilder (fødd 1897 i Madison i Wisconsin, død 7. desember 1975 i Hamden i Connecticut)var ein amerikansk forfattar.

Wilder var diplomatson og budde store delar av barndomen sin i Kina. Den eldre broren hans, Amos, og deira tre yngre systrer, Charlotte, Isabel og Janet, var òg forfattarar med ein viss suksess. Wilder hadde òg ein tvillingbror, men han døydde under fødselen.

Wilder byrja å skrive skodespel medan han gjekk på The Thacher School i Ojai i California, der han ikkje fann seg til rette og vart mobba av medelevane sine som over-intellektuell. Ifølgje medelevane hans vart han etterlate til seg sjølv og gøymde seg i biblioteket, samstundes som han lærde å distansere seg frå audmjukingane og skilnadene.

Etter å ha tenestegjort i kystvakta under første verdskrigen, byrja han på Oberlin College før han byrja på Yale University. Seks år etter han var uteksaminert frå Yale, i 1925, utkom den første romanen hans, The Cabala. I 1927 kom boka som gav han kommersiell suksess, The Bridge of San Luis Rey og gav han hans første Pulitzer (i 1928). Denne kom på norsk under tittelen Broen San Luis Rey i 1929.

I åra 1930 til 1937 underviste han på University of Chicago. I 1938 og 1943 vann han igjen Pulitzer-prisen, denne gongen for drama for skodespela sine Our Town i 1938 og The Skin of Our Teeth i 1942.

Under andre verdskrigen tenestegjorde han i luftvåpenet og mottok fleire utmerkingar. Etter krigen underviste han i fleire år på University of Hawaii og i lyrikk ved Harvard. Trass i at han fortrinnsvis såg på seg sjølv om ein lærer og sekundært som forfattar, fortsette han å skrive heile livet sitt.

Wilder vart i 1956 utnemnt til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste. I 1957 mottok han Friedenspreis des Deutschen Buchhandels (dei tyske bokhandlarane sin fredspris) og Presidentens fridomsmedalje (Presidential Medal of Freedom) i 1963. I 1967 vann han National Book Award (den nasjonale bokprisen) for romanen The Eighth Day. Han døydde medan han sov, i Hamden i Connecticut, der han hadde budd saman med systera si Isabel i mange år.

Wilder har òg skrive komedien The Merchant of Yonkers frå 1938, som kom i ny utgåve under tittelen The Matchmaker i 1954, og som danna grunnlaget for den verdskjende operetten Hello, Dolly!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]