Thorvald Erichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorvald Erichsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juli 1868
Trondheim
Død

23. desember 1939 (71 år)
Oslo

Yrke kunstmålar
Thorvald Erichsen på Commons

Thorvald Erichsen (18. juli 186823. desember 1939) var ein norsk målar. Han er særleg kjend for fargeglade, impresjonistinspirerte bilete.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thorvald Erichsen: En ung pikes værelse (1900)

Erichsen var fødd i Trondheim. Han vart student i 1886 og studerte ei tid rettsvitskap ved universitetet i hovudstaden. Han braut av studiane og tok til på Bergsliens målarskule, også i Kristiania. Samstundes var han også elev på Kunst- og handverksskulen. Erichsen debuterte i 1891 med biletet Høststemning. Landskab fra Vaage (1898) er eit anna måleri frå åra før hundreårsskiftet som vart lagt merke til.

Avgjerande inntrykk med verknad for hans kunst fekk han under eit opphald i København, der han var elev av Zahrtmann. Også gjennom studieopphald i Paris og Italia vart han merkbart påverka, den franske seinimpresjonismen fekk mykje å seie for han

Etter 1900 slo Erichsen gjennom med måleri av fargemetta landskap frå Telemark. Bilete som En Fjelddal (1900) og Skovinteriør (også 1900) fekk framskoten plass i Nasjonalgalleriet. Med åra dyrka han meir og meir ein rein målarkunst, prøvde ut det koloristiske i motivet. Fyrst og fremst la han gjennom fargebruken vekt på å skape luft og rom i biletet, teikninga i motivet var meir flyktig. Eitt og same motiv kunne verte utprøvd i mange ulike fargeharmoniar.

Den sterke interessa for farge reindyrka Erichsen i tydeleg opposisjon mot stilretninga naturalismen, som hadde rådd grunnen i den føregåande perioden. Saman med Oluf Wold-Torne stod han etter 1900 som ein av førarane i tidas moderne norske målekunst.

Erichsen måla særleg frå Lillehammer og Oslofjorden, om sommaren Skåtøy og Holmsbu.

Han døydde i Oslo.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thorvald Erichsen