Thorvald Heistein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorvald Heistein
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1853
Død

29. januar 1913 (60 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Thorvald Bernhard Heistein, fødd Olsen, (12. januar 185329. januar 1913) var ein sjømann, skipsreiar og stortingsmann frå Kristiansand. Han var medlem av Venstre.

Heistein var son til ein skipsreiar. 1870-71 lærde han seg språk i Frankrike og deretter England. Sidan var han sjømann og skipper fram til 1885. Dei neste åra arbeidde han som skipsmeklar og skipsreiar i heimbyen, frå 1893 også som dispasjør.

Heistein var i mange år medlem av bystyret i Kristiansand. Perioden 1903-06 var han 2. representant frå Kristiansand by til Stortinget. Fram til 14. mars 1905 var han medlem av konstitusjonskomiteen, sidan av næringskomité nr 1.

Han døydde i heimbyen i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]