Thorvald Stoltenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thorvald Stoltenberg taler til ungdom på AUF-leir på Utøya sommaren 2006.
Foto: Øyvind Malin

Thorvald Stoltenberg (fødd 8. juli 1931) er ein norsk diplomat og politikar frå (Arbeidarpartiet). Han er utdanna jurist, og begynte i Utanriksdepartementet i 1958. Stoltenberg har gjort teneste blant anna i Jugoslavia og var sekretær for utanriksministeren frå 1965. Han har òg vore statssekretær i fleire arbeidarpartiregjeringar på 1970-talet.

Stoltenberg var forsvarsminister frå 1979 til 1981 og utanriksminister frå 1987 til 1989 og frå 1990 til 1993. I 1990 var han ei kort tid SN sin høgkommissær for flyktningar. Han var norsk ambassadør i Danmark frå 1996 til 1999, og har vore president for raudekrossen i Noreg sidan 1999.

Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg er foreldra til politikaren Jens Stoltenberg. Gjennom kona var han òg svoger til etterfølgaren sin, Johan Jørgen Holst.

Thorvald Stoltenberg er son til Emil Stoltenberg (1900-98).

Stoltenberg var russepresident i Oslo i 1950 og formann i Norsk Studentunion i 1958. Han var tildelt Peer Gynt-prisen i 1990.