Thursday's Child

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thursday's Child
Singel av David Bowie
frå albumet Hours
B-side

«We Shall Go to Town»

Utgjeve 20. september 1999
Innspelt April og mai 1999
Studio Seaview Studio
(Bermuda)
Sjanger
Lengd 5:24 (album)
4:25 (singelutgåve)
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar)
Produsent
  • David Bowie
  • Reeves Gabrels
David Bowie-kronologi 
«I Can't Read»
(1997)
Thursday's Child «The Pretty Things Are Going to Hell»
(1999)


«Thursday's Child» er ein song av David Bowie for det 21. studioalbumet hans, Hours (1999). Songen var skriven av Bowie og Reeves Gabrels, og kom ut som den første singelen frå albumet den 20. september 1999 på Virgin Records.

Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Det var den første singelen frå Hours og kom ut to veker før sjølve albumet. I ei framføring for VH1 Storytellers, sa Bowie at tittelen på songen var eit minne han hadde frå sjølvbiografien til skodespelarinna Eartha Kitt. Boka, som heitte Thursday's Child, var ein favoritt då han var 14 år gammal.

I følgje låtskrivaren og produsenten på songen, Reeves Gabrels, ønskte Bowie opphavleg gruppa TLC til å syngje korvokal på songen. Men han overtydde Bowie om å la vere og inviterte i staden venen Holly Palmer til å syngje i staden. Gabrels sa «Eg var venen til David og gitaristen hans, musikalsk leiar, medprodusent, men eg var òg fan. Eg følte at eg verna 'greia' hans. Eg ønskte å sikre at han framleis var kul og hang med. Han var glupsk når det gjaldt å jage etter nye ting. Men ikkje alt som er nytt bør jagast».[1]

Songen byrjar med at Bowie syng: «All of my life I've tried so hard/Doing my best with what I had/Nothing much happened all the same». I eit intervju med Uncut sa han: «Det er meininga at eg skal seie, 'Ah, men det er løyndomen bak scenearbeidet!' Men nei, eg syns ikkje det er særskild vanskeleg – men karen i songen har hatt eit tøft liv. Han bit tenna saman og får jobben gjort. Men det er ikkje hardt arbeid for meg. Eg arbeidar hardt, men det kjem lett».[2]

B-side[endre | endre wikiteksten]

B-sida til singelen var ein song skriven av Bowie og Gabrels kalla «We Shall Go To Town», som opphavleg var meint for sjølve albumet. Gabrels kalla det «eit særs mørkt spor» i motsetnad til resten av albumet. Han sa songen «handla om to menneske som var så groteske, frykteleg vansira, og folk ville steina dei på gata, dei vart lei av å måtte leve i skuggane, det er som ein slags 'Elefantmannen'. Og dei tenkjer 'I kveld er natta me dreg på byen. Dette kan vere vår siste natt på jorda fordi folk truleg vil drepe oss.' Det var litt mindre muntert enn 'Thursday's Child'.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

UK CD-versjon 1
  1. «Thursday's Child (edit)» – 4:25
  2. «We All Go Through» – 4:09
  3. «No One Calls» – 3:51
UK CD-versjon 2
  1. «Thursday's Child (Rock mix)» – 4:27
  2. «We Shall Go to Town» – 3:56
  3. «1917» – 3:27

Denne versjonen inneheld heile musikkvideoen til «Thursday's Child» i QuickTime-format.

Internasjonal CD-versjon 1
  1. «Thursday's Child (Radio edit)» – 4:25
  2. «Thursday's Child (Rock mix)» – 4:27
  3. «We Shall Go to Town» – 3:56
  4. «1917» – 3:27
Internasjonal CD-versjon 2
  1. «Thursday's Child (Radio edit)» – 4:25
  2. «Thursday's Child (Rock mix)» – 4:27
Promoversjon
  1. «Thursday's Child (Radio edit)» – 4:25
  2. «Thursday's Child (Rock mix)» – 4:27
  3. «Thursday's Child (albumversjon)» – 5:24
CD
Virgin / DPRO-14338 (USA)
  1. «The Pretty Things Are Going to Hell (edit)» – 3:59
  2. «The Pretty Things Are Going to Hell (Call out hook #1)» – 0:11
  3. «The Pretty Things Are Going to Hell (Call out hook #2)» – 0:11
  4. «Thursday's Child (Radio edit)» – 4:25
  5. «Thursday's Child (Call out hook #1)» – 0:12
  6. «Thursday's Child (Call out hook #2)» – 0:12

Det kom òg ein kassettversjon med tre spor frå den britiske CD-versjon 1 på begge sider av kassetten.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Thursday's Child» var regissert av Walter Stern, og vart filma tidleg i august 1999 i New York City.[3][4] Bowie sa «Videoen er ein rar og langsam sak som vandrar mellom notida og fortida på ein forvirrande måte».[3] Han syner Bowie i eit motellrom som i spegelen ser ei yngre utgåve av seg sjølv (spelt av Owen Beasley)[5] og tenkjer attende på livet sitt og kva som kunne ha vore. Kara Manning frå MTV News rekna videoen som «surrealist», medan Time-journalisten Melissa Locker hadde songen med på lista si over dei ti beste videoane til Bowie og sa han var «melankolsk og tankefull».[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[7] 16
Tyskland (Media Control AG)[8] 62
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 81
Skottland (Official Charts Company)[10] 17
Sverige (Sverigetopplistan)[11] 48
UK Singles (Official Charts Company)[12] 16

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Han kom ut på ein promoversjon av singelen «The Pretty Things Are Going to Hell»
  • Både «Rock mix» og ein langsamare versjon frå videospelet Omikron – The Nomad Soul kom ut på bonusplata som følgde 2004-utgåva av Hours.
  • Singelen (særskild radioutgåva) var med på somme utgåver av Best of Bowie (2002), på den tredoble og doble utgåva av Nothing Has Changed (2014), og den doble utgåva av Bowie Legacy (2016).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]