Thurso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thurso

skotsk-gælisk Inbhir Theòrsa
Thurso.JPG
Plassering
Thurso is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Caithness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 721
Koordinatar 58°36′″N 3°31′″WKoordinatar: 58°36′″N 3°31′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KW14
Telefon-retningsnummer 0 1847
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thurso

Thurso (skotsk gælisk Inbhir Theòrsa) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 8500 innbyggjarar.

Thurso ligg på nordkysten av Skottland, sørvest ved sundet Pentland Firth som skil fastlandsskottland frå Orknøyane. Thurso er den nordlegaste byen på det skotske fastlandet, han ligg 32 kilometer vest for John o' Groats som er den nordlegaste landsbyen. Næraste byen er Wick 35 km søraust for Thurso. Næraste større by er Inverness 177 km lenger sør.

Elva Thurso renn gjennom byen, og elvemunningen dannar ei god hamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Thurso strekkjer seg tilbake til tida då det norrøne jarledømet på Orknøyene herska over Caithness og som enda i 1266. Byen var ei viktig norrøn hamn og har ei seinare historie med handel med andre hamnebyar over heile nordlege Europa fram til 1800-talet. I 1330 vart det skotske standardeininga for vekt innført i Thurso etter avgjersle frå kong David II av Skottland, noko som var ein indikasjon på at byen var ein viktig handelsstad. Den gamle kyrkja, St. Peter's Kirk, skal etter sigande daterast frå rundt 1220 og frå tida til biskop Gilbert Murray av Caithness som døydde i 1245.

Historisk sett var Thurso ein av to byar med status som burgh i grevskapet Caithness.

Dounreay kjernekraftverk i 2006.

Det meste av byen i dag er frå utviklinga på 1800-talet. Ei stor utviding skjedde midt på 1900-taletkjernekraftverket Dounreay vart etablert ved Dounreay, 14,5 km vest for byen. Innanfor ein periode på fem år voks folkesetnaden raskt, frå rundt 2500 innbyggjarar til rundt 12 000 mellom 1955-1958 då kraftstasjonen kravde utdanna arbeidskraft som vart rekruttert frå heile Storbritannia. Ved 1960 dalte likevel folkesetnaden til rundt 9000 då anleggsutbygginga vart avslutta.

Thurso er òg namnet på grevskapet som blir halde av familien Sinclair i Det sameinte adelskalenderen til kongeriket. Den noverande vicomte Thurso er òg den lokale medlemmen av parlamentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]