Thurso Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thurso Bay eller Scrabster Bay er ei bukt mellom Clairdon Head og Holborn Head på nordkysten av Caithness i Skottland.

Bukta får tilførsel av ferskvatn frå River Thurso og Wolf Burn. Elvemunningen ligg heilt sør i bukta, om lag 2 km frå nordenden, som er meir open ut mot Atlanterhavet. Orknøyane ligg mot nordaust og Pentland Firth og Dunnet Bay i aust. Mellom nesa Clairdon Head og Holborn Head er det fire-fem kilometer.

Om lag 3 km vest-nordvest for elvemunningen ligg hamna Scrabster med ferjeruter til øya Stromness i Orknøyane. Holborn Head fyr ligg ein kilometer sør for neset i sør, nær Scrabster Harbour.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°37′N 3°31′W