Tiøring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiøring avbilda til høgre på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Tiøring eller tiøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1874 til 1991.

Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, eller ei kongekrone. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».

reversen hadde mynten dei to første åra teksten «10 øre/3 sk», sidan «10 øre» i ulike variantar, før mynten frå 1958 til 1973 hadde biletet av ei bie og teksten 10 øre-Norge.

Frå 1924 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskillemynt med hol midt i mynten.

Norske tiørar
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar
Oskar II sølv 1,45 g 0,58 1874-1903
Håkon VII sølv 1,45 g 0,58 1909-1919
Håkon VII koparnikkel 1,50 g 1920-23,1924-41, 1945-51, 1951-57
Okkupasjonsmynt sink 1,25 g 1941-1945
Håkon VII nikkelmessing 1,50 g 1942
Olav V koparnikkel 1,50 g 1958-1973 Per Palle Storm/Ø. Hansen
Olav V koparnikkel 1,50 g 1974-1991 Øivind Hansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]