Tia Hellebaut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tia Hellebaut


Statsborgarskap Belgia
Fødd 16. februar 1978 (46 år)
Antwerpen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Grand Cross of the Order of the Crown

Tia Hellebaut (fødd 16. februar 1978) er ein belgisk tidlegare friidrettsutøvar frå Antwerpen som tevla i høgdehopp og mangekamp. Ho vart europameister i høgdehopp i 2006 og olympiameister i same øvinga i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hellebaut tevla i sjukamp, før ho spesialiserte seg i høgdehopp. Ho held den belgiske sjukamp-rekorden med 6 201 poeng. Ved dei olympiske leikane i 2004 vart ho nummer tolv i høgdehopp, året etter kom på sjetteplassen i verdsmeisterskapen i Helsingfors.

Ved EM i friidrett 2006 i Göteborg vann ho ein svært overraskande siger i høgdetevlinga. Ho sette då belgisk rekord ved å gå over 2,03 m. Endå høgre klarte ho i innandørs-EM 2007 då ho vann høgdetevlinga med 2,05 m. Vintersesongen 2008 vann ho femkampen i innandørs-VM.

Hellebaut ovveraska på ny i høgdetvelinga under sommar-OL 2008 i Beijing. Ho og favoritten Blanka Vlašić svinga seg begge over 2,05 m, men Vlašić trong to forsøk på høgda, mot Hellebauts eine, og dermed vann Hellebaut OL-gullet.

Seinare vart Hellebaut nummer fem i høgdehopp i friidretts-EM 2010 i Barcelona, same plasseringa fekk ho under Sommar-OL 2012 i London. I begge desse meisterskapane vart ho ståande med 1,97 m på resultatlista. Ho la opp som aktiv våren 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]