Tianshui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Tianshui (gul) i Gansu
Jarnbanestasjonen i Tianshui-prefekturet, vinteren 2009

Tianshui (kinesisk: 天水市; pinyin: Tiānshuǐ Shì) er eit byprefektur lengst søraust i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 14 300 km² og hadde 3 262 548 ibuarar i 2010.

Byprefekturet Tianshui omfattar eitt distrikt (区 ), fire fylke (县 xiàn) og eit autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 310 endar i Tianshui. Denne viktige trafikkåra tek, lik Longhaibana, til i Lianyungang i Jiangsu, går vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Vegen er innom større byar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tianshui

Kjelder[endre | endre wikiteksten]