Tiazid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til benzotiadiazin, opphavsstoffet til tiazid.
Strukturen til klorotiazid

Tiazid er ei gruppe urindrivande lækjemiddel. Dei vert brukte mot høgt blodtrykk, mildt hjartesvikt, ødem og mot diabetes insipidus.

Tiazid hemmar reabsorpsjonen av natrium og klor frå tubuli i nyrene.[1] Samtundes får ein auka utskiljing av kalium, medan urinsyre vert halden atttende, og kan bidra til utvikling av urinsyregikt.

Den eksakte verknadsmekanismen for den blodtrykkssenkande effekten av tiazid er ikkje kjend. Det er er samanheng mellom senking av blodtrykk og endringar i natriumbalansen, plasmavolum og ekstracellulært volum. Det syner seg likevel at væskevoluma relativt snøgt vender tilbake til det normale, og at andre faktorer tek el i blodtrykkssenkinga. Kallikrein og prostaglandin I2 er spelar truleg ei rolle ved å påverke sirkulasjonen i nyrene. Det er haldepunkt for at direkte vasoldilaterande effekt av tiazider i arteriolene gir varig blodtrykkssenking.

Tiazid står på forbodslista til antidopingbyråa WADA og Antidoping Norge.[2]

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johansen, Tor Halvor (30. januar 2019). «tiazider». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. «S5. Diuretika (vanndrivende midler) og maskeringsmidler». antidoping.no. Henta 15. juni 2019. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.