Tiber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiber
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 17 375 km²
Renn gjennom Roma
Lengd 406 km
Middelvassføring Ved Roma: 267 /s
Kjelde Fumaiolo i Appenninane
 - høgd 1 268 moh.
Munning Tyrrenhavet
Kart
Tiber
43°47′13″N 12°04′40″E / 43.786916666667°N 12.077666666667°E / 43.786916666667; 12.077666666667
Wikimedia Commons: Tiber

Tiber (italiensk Tevere, latin Tiberis) er den tredje lengste elva i Italia med ei lengd på 406 km. Elva spring ut frå Fumaiolo i Appenninane i Toscana og renn gjennom Umbria og Lazio til Tyrrenhavet. Ho har eit nedslagsfelt på 17 375 km². Elva er mest kjend for å renne gjennom Roma, som vart grunnlagd på austsida av elva.

Fleire gamle bruer frå romartida kryssar elva, som Milvianbrua og Ponte Sant'Angelo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Tiber.

Kjelda til elva ligg i fjellet Fumaiolo sentralt i Italia og ho renn hovudsakleg sørover forbi Perugia og Roma før ho munnar ut i havet ved Ostia. På folkemunne vert ho stundom kalla flavus («den blonde») på grunn av det gulaktige vatnet, som kjem av alle sedimenta i Tiber. Sedimentære avleiringar frå elva har ført til at kystlinja har vorte strekt 3 km lenger ut i havet sidan romartida, slik at den gamle hamna i Ostia i dag ligg 6 km inn i landet.[1][2]

Dei største sideelvane til Tiber er Chiascio, Nestore, Paglia, Nera og Aniene. Ho er forbunde til Arno via Chianakanalen, slik at elvebåtar kan reise frå Roma til Firenze. Ho deler seg i to greiner ved Ostia, den tilmudra Fiumara og den kanaliserte Fiumicino. Landmassen mellom dei to var ein gong Den heilage øya eller Venusøya. Djupet i elva varierer frå 2 til 6 m.[1][3][4]

Namn og segner[endre | endre wikiteksten]

Romersk framstilling av Tiber som ein elvegud.

Namnet Tiber har truleg eit førlatinsk opphav, som det romerske namnet på Tibur (i dag Tivoli). Det kan ha etruskisk eller italisk opphav, kanskje i slekt med den keltiske rota dubr, «vatn».[5]

Den segnomsuste kongen Tiberinus Silvius eller Thebris, den niande av kongane av Alba Longa, skal ha drukna i elva Albula, som så vart omdøypt for å ære han.[5] Myta kan forklare eit tidlegare, kanskje urindoeuropeisk, namn på elva, «kvit» (alba), som viser til fargen på elva. I følgje segna skal Jupiter ha gjort han til ein gud og skytsand for elva (òg kalla Volturnus, «rullande vatn»). Dette gav opphavet til den tradisjonelle romerske framstillinga av elva som ein kraftig bygd, liggjande elvegud, òg kalla Tiberinus, med vasstraumar frå håret og skjegget.[6]Tiber skal òg ha vore elva der Romulus og Remus vart kasta uti som spedborn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Roma vart grunnlagd i år 753 f.Kr. ved breidda av Tiber, om lag 25 km frå sjøen ved Ostia. Tiberøya i midten av Roma, mellom Trastevere og sentrumet i antikken, var ein viktig vadestad, der det seinare vart bygd bruer.

Elva markerte grensa mellom landområda til etruskarane i vest, sabinarane i aust og latinarane i sør. Benito Mussolini, fødd i Romagna, endra grensene mellom Toscana og Emilia-Romagna, slik at kjelda til Tiber låg i Romagna. Mussolini plasserte ei antikk romersk søyle der elva spring ut med inskripsjonen QUI NASCE IL TEVERE SACRO AI DESTINI DI ROMA («Her spring Tiber ut, heilag for skjebnen til Roma»).

Tiber var særs viktig for romersk handel, sidan skip kunne nå 100 km oppover elva, og ein har funne prov på at skip vart nytta til transport av korn frå Val Teverina heilt sidan 400-talet fvt.[1] Ho vart seinare nytta til å transportere stein, tømmer og matvarer til Roma.

Under punarkrigane200-talet fvt. var den gamle hamna i Ostia den viktigaste marinebasen. Ho var seinare ei viktig hamn for Roma, der det vart importert kveite, olivenolje og vin frå romerske koloniar rundt om i Middelhavet.[1] Det vart òg bygd kaianlegg langs elva i sjølve Roma i Campus Martius-området. Romarane bygde eit kloakksystem knytt til elva (Cloaca Maxima) og eit undergrunnsnettverk av tunnelar og andre kanalar for å føre vatn til midten av byen.

Tiber sett mot Vatikanstaten.

Den kraftige sedimenteringa i elva gjorde det vanskeleg å halde fram å nytte den gamle hamna i Ostia og keisarane Claudius og Trajan oppretta ei ny hamn i Fiumicino i det 1. hundreåret e.Kr. Dei bygde ein ny veg, via Portuensis frå Roma til Fiumicino, som forlet byen ved Porta Portese («hamneporten»). Begge hamnene vart til slutt nedlagd på grunn av aukande avleiring.

Fleire pavar prøvde å betre transporttilhøva i Tiber på 1600- og 1700-talet med omfattande oppmudring som varte til ut på 1800-talet. Dette førte til auka handel i ein periode, men ut på 1900-talet førte avleiringar igjen til at elva berre vart framkommeleg opp til sjølve Roma.[1]

Tiber var ein gong frykta for flaumane ho skapte. Campus Martius er ei flaumslette som stundom kunne verte dekte av fleire meter med vatn. Elva er i dag avgrensa med høge steinvollar, eit arbeid som starta i 1876.

«Symje i Tiber»[endre | endre wikiteksten]

Sidan elva er identifisert med Roma er uttrykket «å symje i Tiber» vorte brukt av protestantar om å konvertere til katolisisme.

Tiberdalen sett frå Citerna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Tiber River» Encyclopædia Britannica. 2006
  2. «Tiber». World Encyclopedia. Philip's, 2005.
  3. «Tiber». The Columbia Encyclopedia (2004)
  4. «Tiber». The Hutchinson Encyclopedia, Helicon (2001)
  5. 5,0 5,1 «Tiber». Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005.
  6. Tiber. Bloomsbury Dictionary of Myth (1996)