Tiberius av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tiberius Claudius Augustus
Tiberius palermo.jpg
Keisar av Romarriket
Regjeringstid 14-37
Andre namn Fødenamn Tiberius Claudius Nero
Fødd 16. november 42 f.Kr. i Roma
Død 16. mars 37 i Misenum

Tiberius (16. november -4216. mars 37) var romersk keisar frå 19. august 14 til han døydde. Han var den andre keisaren av Romarriket.

Tiberius var son av keisar Augustus av Romarriket si andre kone Livia, frå det fyrste ekteskapet hennar med Tiberius Nero. Mora gifta seg med Octavianus, den seinare Augustus, og Tiberius blei adoptivsonen hans.

Tiberius gjorde militærteneste i kampar mot germanarane, som hadde sigra over dei romerske styrkane i slaget ved Teutoburgerskogen i år 9. Tiberius tok del i fleire framgangsrike ekspedisjonar oppover i Germania. Då han kom heim til Roma vart sigrane feira.

Ettersom Augustus sin tiltenkte tronfylgjar døydde ung, vart Tiberius vald i staden. Då Augustus døydde i år 14 vart Tiberius keisar. Regjeringstida vart kjenneteikna av ymse opprør i ulike delar av det vidstrakte riket. Tiberius vart trass i dette rekna som ein god administrator og lukkast å halda hæren i god stand.

Etter kvart drog Tiberius seg attende frå det politiske livet i Roma, men vart tvungen til å gripa inn då kommandanten for pretorianargarden sjølv prøvde å gripa makta.

Tiberius herska på den tida då Jesus Kristus verka i den romerske provinsen Judea.

Då Tiberius døydde i år 37, vart han etterfylgd som keisar av Caligula. I testamentet sitt hadde Tiberius delt makta mellom Caligula og Tiberius Gemellus. Kort tid etter erklærte Caligula testamentet for ugyldig. Han lét deretter myrda Gemellus.