Den autonome regionen Tibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det historiske landet Tibet, sjå Tibet.
西藏自治区
(Xīzàng Zìzhìqū)


(Bod-rang-skyong-ljongs)
Fleire namn Kinesisk kortform 西藏 (pinyin Xīzàng), tibetansk བོད་ (Wylie bod)
Plassering
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
Kart over regionen Tibet i Kina. Dei gråe områda vert gjort krav på av både Kina og India.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Hovudstad Lhasa
Leiar Che Dalha, Yan Jinhai
Geografi
Flatevidd 1 228 400 km²
Annan informasjon
Nettstad: www.tibet.gov.cn

Den autonome regionen Tibet (TAR) er ein region i Folkerepublikken Kina, skipa i 1965. Området er omstritt, ettersom Kina og India ikkje er samde om kvar grensene for regionen går. I tillegg kjempar mange tibetanarar, leidde av den fjortande Dalai Lama for sjølvstende for Tibet etter dei historiske grensene. Desse omfattar mykje av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i tillegg til regionen Tibet.[1]

Den største innsjøen i Tibet, Namtso-sjøen i Lhasa prefektur.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den autonome regionen Tibet grensar til Xinjiang i nord, Qinghai i nordaust, Yunnan og Sichuan i aust, India i vest og sør, Nepal og Bhutan i sør og Myanmar i søraust. Hovudstaden er Lhasa, både etter tibetansk og kinesisk syn.

Regionen omfattar eit område på 1 228 400 km2 og har om lag 2,9 millionar innbyggjarar. Han har med det lågast folketal av alle dei kinesiske provinsane og regionane. Mykje av grunnen til dette er barskt og ulendt terreng; då regionen har ei gjennomsnittshøgd på 4000 moh. Styreleiar for regionen er Padma Choling.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Prefektura i Kina. Omstridde område er merkt med blått.

Regionen er inndelt i 7 prefektureiningar:
1. Ngari
2. Nagqu
3. Qamdo
4. Xigazê
5. Lhasa
6. Shannan
7. Nyingchi

Desse sju er inndelt i til saman 73 fylke, og fylka er inndelt i til saman 692 kommunar; anten bykommunar, kommunar, etniske kommunar eller subdistrikt.

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

* Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om den autonome regionen Tibet, henta inn 16. mars 2011.