Tibetplatået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tibetplatået ligg mellom Himalaya i sør og Taklamakan i nord

Tibetplatået, òg kalla Xizangplatået, er eit vidstrekt, høgtliggande platå i Aust-Asia som dekkjer det meste av den autonome regionen Tibet og Qinghai i Folkerepublikken Kina og Ladakh i Kashmir. Det dekkjer eit område på rundt 1000 x 2500 kilometer og har ei gjennomsnittleg høgd på over 4 500 meter over havet. Området vert kalla «verda sitt tak» og er det høgastliggande og største platået i verda med eit areal på 2,5 millionar kvadratkilometer (om lag fire gonger så stort som Frankrike).[1]

Tibetplatået er omgjeve av høge fjellkjeder. I nordvest grensar det til Kunlunfjella, som grensar til Tarimbekkenet på andre sida, og i nordaust til Qilian Shan som grensar til Gobiørkenen på andre sida. I sør går platået langs elva Yarlung Tsangpo som renn langs foten av Himalaya og av den store Indus-Gangessletta. I aust og søraust går platået over i skogkledde, djupe dalar og ryggar ved kjeldene til elvane Salween, Mekong og Chang Jiang vest i Sichuan. I vest ligg dei store Karakoram-fjella nord i Kashmir.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av det sørlege området av Tibetplatået

Platået er ei høgtliggande tørr steppe mellom fjellkjeder og store brakkvassjøar. Den årlege nedbørsmengda varierer frå 100 til 300 mm, som stort sett kjem i samband med haglbyger. Dei sørlege og austlege utkantane av steppa har grassletter der enkelte nomadiske gjetarar held til, men området har frost seks månadar av året. Lenger nord og nordvest vert platået høgare og høgare, kaldare og tørrare. Her går høgda over 5 000 meter og den årlege temperaturnormalen er -4 °C og ned mot -40 °C om vinteren. På grunn av dei ugjestmilde tilhøva er Kekexili-regionen det minst folkesette området i Asia og det tredje minst folkesette området i verda etter Antarktis og det nordlege Grønland.

Over store område av platået er det permafrost.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Tibetplatået

Platået vart danna då den indoaustralske og den eurasiatiske jordskorpeplata kolliderte på byrjinga av kenozoikum-perioden (for om lag 55 millionar år sidan).[2] Den tektoniske løftinga av platået har truleg hatt stor effekt på klimaendringane og har truleg påverka den asiatiske monsunen. Under den indiske monsunsesongen (juni til oktober), då vinden fører mild og fuktig luft opp frå sør, dannar Himalaya ein regnskugge som gjer at nordlege område av India får svært mykje regn og Tibetplatået nesten ingenting. Området vert tørrare og tørrare jo lenger nord på platået ein kjem og platået går etter kvart over i Taklamakan og Gobiørkenen.[3]

Fleire av dei lengste elvane i verda har sine utspring på Tibetplatået. Desse elvane fører med seg 25 % av den totale jorderosjonen i verda til sjøen. Desse elvane er mellom anna Chang Jiang, Huang He, Indus, Sutlej, Yarlung Tsangpo (kalla Brahmaputra i India), Mekong, Eravati og Salween.

Platået har mange endorheiske nedslagsfelt og saltsjøar, mellom anna Qinghaisjøen, Tso Ngonpo, Nam Tso, Dagze Tso, Yamzho Yumco, Puma Yumco og Paikusjøen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]