Tibia
Tibia (latin for 'fløyte') er den lengste og kraftigaste av dei to knoklane under kneet hjå virveldyr, på norsk skinnebeinet. Den andre knokkelen heiter fibula. Hos leddyr (insekt, edderkoppdyr, mangefotingar og krepsdyr) er tibia det andre lange segmentet i eit bein, «leggen» som ligg mellom den lange femur og den vanlegvis fleirledda tarsus.
Hjå menneske er skinnebeinet den inste og vektberande knokkelen i leggen. Det er ca. 40–45 cm langt hjå menn, runsr 5 cm kortare hjå kvinner. Den øvre enden av skinnebeinet utgjer heile nedre leddflate i kneleddet. Han er tjukk og har to store leddflatar. Framdelen av beinet, skinnebeinskammen, kan ein kjenna like under huda. Dette er «skinnleggen» som er smertefull å slå. Den nederste enden av skinnebeinet er oklekulen, innsida av okla (mediale malleol).
-
Fossil tibia (og tre metatarsusbein) hjå Megalosaurus.
-
Røntgenbilete av broten tibia hjå hund.
-
Kneleddet hjå eit menneske.
-
Leggbeina hos mennesket (høgre bein sett forfra). Skinnebeinet til høgre, fibula til venstre.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Skinneben i Store Medisinske Leksikon
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «skinnebenet»