Ticket to Ride

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For brettspelet med same namn, sjå brettspelet Ticket To Ride.
«Ticket to Ride»
Singel av The Beatles
frå albumet Help!
B-side «Yes It Is»
Utgjeve 9. april 1965
Innspelt Abbey Road Studios 15. februar 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:10
Selskap Parlophone (UK) R5265
Capitol (US) 5407
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«I Feel Fine» (1964) «Ticket to Ride» «Help!» (1965)

«Ticket to Ride» er ein song av The Beatles frå albumet Help! i 1965. Han vart spelt inn 15. februar 1965 ved Abbey Road Studios og gjeve ut to månader seinare. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 384. plass over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen vart hovudsakleg skrive av John Lennon (og tilskriven Lennon/McCartney) og kva Paul McCartney medverka med er omstridd. Lennon sa at McCartney innverknad var avgrensa til korleis Ringo Starr spelte trommer.[1] McCartney hevdar derimot at dei nærast skreiv han i lag.[2] Lennon sa at då songen skiftar tempo i slutten (med teksten «My baby don't care») var ein av favorittdelane hans av songen.[1] Dette var òg den første songen til Beatles der McCartney spelte sologitar.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Ticket to Ride» vart gjeve ut på singel 9. april 1965 (19. april i USA) med «Yes It Is» som B-side. Han nådde toppen av singellista både i USA, Storbritannia og Noreg. I Noreg låg han fire veker på førsteplassen og i alt 14 veker inne på Topp 10.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

She's got a ticket to ride,
She's got a ticket to ri - hi - hide,
She's got a ticket to ride, but she don't care.

Både Richie Unterberger i Allmusic og forfattar Ian MacDonald skildrar «Ticket to Ride» som ein viktig milepåle i den musikalske utviklinga til the Beatles. Rytmen er hardare og tyngre enn på tidlegare Beatles-songar.[3] MacDonald skildra han som psykologisk djupare enn noko anna The Beatles hadde gjort før og ekstraordinær for si tid.[4] Etter at Beatles vart oppløyst uttalte Lennon at dette var den første heavy metal-songen nokon gong med eintonig basslinje, repterande trommer og tunge gitarlinjer.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon – solovokal på doble spor og rytme gitar
  • Paul McCartney – harmonivokal, bass og sologitar
  • George Harrison – harmonivokal, 12 strengar elektrisk sologitar
  • Ringo Starr – trommer og tamburin[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 David Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono, s. 196 – St. Martin's Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
  2. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 193 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
  3. Richie Unterberger. Anmelding av «Ticket to Ride». Allmusic. Vitja 11. oktober 2008.
  4. 4,0 4,1 Ian MacDonald (2005) Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties, Second Revised Edition. utg., s. 142-144 – Pimlico (Rand), London. ISBN 1-844-13828-3.
395:
 «Ohio» 
Crosby, Stills, Nash and Young
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
394


The Beatles – «Ticket to Ride»

393:
 «Whipping Post» 
The Allman Brothers Band